Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her >> Skule + næringsliv >> Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2004/2005

Små glimt frå første del av
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2004/2005


09.-12.11.04. Ulsteinvik - Brattvåg

Foto: Alexander Holmeseth

Dei 4 første dagane av kurset er no unnagjort. Elevane er tilbake i den normale skulekvardagen, blide og nokre gode erfaringar rikare.

Kurshaldar i år, som i fjor, var Derek Wiggins. Han haldt kursdeltakarane i aktivitet med stadig nye utfordringar. I tillegg stilte kapasitetar frå dei ulike bedriftene opp og bidro med litt av sine kunnskapar undervegs.

Sjølv om det har vore intense dagar med høg konsentrasjonsfaktor, har det blitt knipsa nokre bilete undervegs som kan gi oss andre eit lite innblikk i kva for aktivitetar elevane har vore del i.

Balanse-prosjekt

Ved hjelp av enkelt bygge-materiale som papir og tape, skulle kvar gruppe løyse ei balanseoppgåve innenfor gitte rammer. Det kravde kreativ tenking, kunnskap og ein god porsjon fornuft undervegs.

Resultata vart bra, dei!



Så var det tid for ei pause.


Båtbyggingsprosjekt
I korte trekk var beskjeden:
- Bygg ein båt. Maks mengde byggemateriale er eit A4-ark og fem sugerør. Set i gong.

Elevane fekk bruke det materiale dei trengde i planleggingsfasen, når prototypen skulle utarbeidast. Tida var heller ingen stressfaktor i denne fasen. Men så sette konkurransen i gong ...


Kanskje ikkje vakker, men materialgrensa vart ikkje sprengd.


Museumsbesøk
Det var og sett av tid til bedriftsbesøk ved Ulstein Verft og Rolls Royce Marine AS, samt på verftet sitt museum. Interessant!


Her er vi på veg frå Verftet til museet ...


Dei fleste er no på plass ved inngangen til museet.
Er det berre fotografen som manglar?


Etter to dagar i Ulsteinvik gikk turen nordover.
Høgskulen i Ålesund er framleis eit naturleg, og viktig, stopp for kursdeltakarane på vegen til Brattvåg.

I Brattvåg var programmet like tett, med besøk hos Rolls Royce Marine dep. Deck Machinery og Aker Brattvaag, i tillegg til kursøktene på ettermiddagene ved HVS torsdag og fredag.


Her ser vi ei av gruppene i gong med noko ein kunne
ha kalla "prosjekt Flytt utan berøring".

- Eit flott opplegg, er den samstemde tilbakemeldinga frå deltakarane frå HVS etter kursdel 1.

Korleis vart del 2 i England våren 2005 ?



For meir informasjon om kurset viser vi til:
Tidlegare artiklar om Motivasjonskurset




Hovudsida