Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Storyline > OD 2004

Fordjupning i prosjekt OD


Valdsførebygging i Sør-Afrika

- eittfagleg prosjekt i norsk knytt til Operasjon Dagsverk

Nov.-2004

Elevane i 1AF har i vekene etter OD gjennomført ein STORYLINE i faget norsk. Tema var valdsførebygging i Sør-Afrika. Til saman vart 10 undervisningstimar nytta til prosjektet, som inkluderte to framføringar undervegs. Prosjektet vart avslutta med skriveøkt der oppgåvene var knytt til temaet i prosjektet.

"Gruppa di skal lage eit personkort om ein ungdom frå Sør-Afrika. Denne ungdommen er knytt til ein av organisasjonane som er med i OD sitt opplegg i år. Ungdommen er mellom 15 og 19 år og er med i arbeidet for å førebyggje vald blant ungdom i dei tøffaste områda i Sør-Afrika. No skal gruppa di byggje opp personen som skal følgjast gjennom storylinen."

Dette var første oppdrag for elevane i 1AF.
Lektor Ingunn Hellevik hadde rammene til 7 ulike livssituasjoner klar til elevane sine. kvar gruppe trakk så (tilfeldig) ut nosituasjonen til ein ungdom før dei sette i gong med å skape personen med personlege data, utsjånad, interesser og personlegdom. Livshistorie og familiesituasjonen kom på plass. Likeins vikige hendingar i livet hans/hennar, samt kva som engasjerer, provoserer eller gjer personen glad i dag.
Kvar skjebne vart så fortald til resten av klassen ved hjelp av forteljing, intervju og rollespel, supplert med Power Point-presentasjonar som bakgrunn for det heile. I salen sat og representantar frå administrasjonen og eit knippe andre interesserte.

Så var det klart for neste oppdrag:
- Alle desse ungdommane som vart presenterte for publikum, var no deltakarar i team som arbeider med å førebyggje vald blant ungdom i dei tøffaste områda i Sør-Afrika. Personen skulle, saman med teamet sitt, lage eit rollespel som viser ein konfliktsituasjon, gjerne med utgangspunkt i ein episode frå livet til personen.

Dette rollespelet skulle framførast for eit aktuelt publikum, dvs. at elevane måtte tenkje ut kva for publikum eit slikt team sannsynleg ville møte, og kva dei sjølve måtte gjere for å treffe med bodskapen sin. Heile tida måtte dei vere medvitne og ha fokus på at den aktuelle konflikta skulle kunne løysast.

"Legg vekt på å nå fram til målgruppa. Få dei i tale. Få dei til å tenke og reagere. Gi dei tru på at det nyttar. prøv å vekke framtidstru og optimisme."

Ei ny framføring vart gjennomført. Kvar gruppe viste stort motivasjon for saka. Dei hadde kreative og engasjerte innslag, som ga publikum både noko å tenkje på og smil om munnen.


- Artig og lærerikt,
seier elevane etter siste framføring.


Gruppene var sett saman av lærar,
på tvers av venskap og geografisk busetting.

Inga hindring for trivsel og samarbeid!
Kjekt å samarbeide med nye folk, meldte elevane.


Det var sju kreative og friske grupper som heiv seg over oppgåva.

Flott innsats av alle saman.


"Kjemp for det du har tru på!"
oppfordrar denne gruppa.

- Ein god metode som gav idear. - Det var spennande å leve seg inn i ein heilt nyskapt person, og lære om ungdom som er like gamle som oss, men som lever i ein heilt anna del av verda, sa elevane i 1AF under refleksjonsdelen på slutten av prosjektet.

Samarbeidet, og det å bli betre kjende med medelevane i klassen, var og tatt fram som positive sider ved prosjektet. Likeins det å lære seg teknikkar ved framføring og variasjonen opplegget opna for.

Elevane kom og med forslag til forbetringar. Desse var positivt ladde, og viste at elevane reflekterte over kva dei hadde vore med på og kva dei sjølve føler dei lærer av. Som ein av elevane uttrykte det; - vi kunne brukt meir tid, for da ville framføringane truleg blitt betre. Men det er ikkje sikkert vi hadde lært meir ...

Faglærar noterte seg tilbakemeldingane, og vil ta desse med seg i fortsettinga. For 1AF vil gjerne ha meir av same sorten - og på vårparten blir det ein tverrfagleg storyline med faga norsk og økonomi og informasjonsbehandling. Det gler dei seg til, gjengen i 1AF.

Meir om STORYLINE

Hovudsida