| |
Du er her: Kva
skjer > KM i volleyball for vidaregåande skular 2004-2005
KM i volleyball for vidaregåande
skular 2004-2005
17.11.04
NVBF Region Midt inviterte alle vidaregåande
skular til spennande volleyballturnering i Fagerlihallen onsdag
17.11.04. Meisterskapen for vidaregåande skular vert
spela som ei turnering der kvart lag spelar fleire kampar
på same dag. Vinnaren av fylkesmeisterskapen i dei tre
klassane, går vidare til NM for vidaregåande skular,
som vert arrangert i Førde 28.-30.januar 2005.
Intensjonen med meisterskapen er at elevar som går på
same skule (heilkurs - /delkurselev) og høyrer til
same skulemiljø, skal spele på same lag. Desse
skal få møte andre elevar med same interesse
og oppleve ei artig turnering i lag.

- Oppvarming - |
- Dermed er kampane i gong ... -
|
- Ein konsentrert gjeng, klar for innsats! - |
HVS stilte med eit jentelag og eit gutelag, med elevar frå
alle studieretningane ved skulen representerte. Elevane hadde
nytta studietida si i fleire veker nede i gymsalen og trena
volleyball. Med seg som trenarar/lagleiarar, hadde dei kroppsøvingslærar
Stein Ravnestad og kjemilærar Arvid Jenssen. Sistnemnde
viste seg å vere ein kapasitet innan området,
og utfordra elevane på positivt vis under teningsøktene.
På jentelaget stilte:
Jeanett Gjerde, Silje Seth Hildrestrand, Ingrid Kjerstad,
Marianne Fjørtoft Otterlei, Jannicke Holmeset, Line
Mork Vatneødegård, Hanne Risnes Alvestad, Malin
Hellevik Gjerde, Kjersti Flem og Tonje Ramsvik Leine.
- Spente jenter mottar gode tips frå sidelina
før start. -
|
- Like spente lagkameratar -
|
På gutelaget stilte:
Steffen Hagset, Gustav Relling Nielsen, Christoffer Giske,
Eivind Sæter, Vegard Rem Midtlid, Vegard Otterlei, Demir
Haram, Fredrik Løken og Bjørnar Levi Flem.
- Christoffer er klar for det meste akkurat nå
-
|
- Gustav og Eivind i aksjon. -
|
- Engasjerte tilskodarar. -
|
- og framleis like blide -
|
I år fekk spelarane kreditt for innsatsen. Begge laga
ga motstandarane sine stor motstand, og hausta god-ord for
innsatsen sin. Med sterke volleyball-kapasitetar som motstandarar
gjorde spelarane våre ein flott jobb. Noko som Ravnestad
og Jenssen var svært stolte av.
Vi stiller oss i lag med lagleiarane og gratulerer volleyballspelarane
våre med den fine innsatsen.
Aktivitetsdagar
Hovudsida
|
|