Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Kva skjer? > Nissefest på låven, 2004

Nissefest på låven
01.12.04


"I dag er det første desember ..."
Og i desember spiser alle nissar graut, nydeleg julegraut, det veit vi.

Og det veit elevane med valfag Barne- og ungdomsarbeid (BU) ved HVS. Derfor har dei i lengre tid bakt, planlagt og øvd. For første desember skulle ein del av smånisseflokken i Brattvåg få servert julegraut med noko attåt.


Nissemor
( May Sissel Osvik)
- I løpet av skuleåret skal elevane stelle i stand eit selskap, står det i læreplanen for grunnkurs Helse- og sosial, fortel lærar i sosialfag ved 1HS, May Sissel Osvik.
- Elevane har sjølve vald å setje fokus på jula, og ville gjerne lage til ein nissefest for barnehagebarn i Brattvåg. Med seg i arbeidet har dei og allmennfag-elevar som har valfaget Barne- og ungdomsarbeid.

Vi tok tidleg kontakt med styrar i Brattvåg barnehage BA og lufta ideen, og fikk positiv respons med det same, fortel Osvik vidare. Dei ville gjerne stille med massevis av smånisser til festen. Så da var det berre å setje i gong. Elevane har nå arbeid med prosjektet sidan oktober.

Derfor vart 1. desember ein spennande dag, slik den skal vere - for oss alle.

"Låven til Peder Sønderland var den perfekte ramma rundt nissefesten som elevane på Helse- og sosial lina ved Haram vidaregåande skule hadde arrangert for Brattvåg barnehage BA", skriv Marianne Gjerde, journalist i Haramsnytt.
"Ungane frå avdelingane SNEGLEHUSET og TARESKOGEN kom forventningsfulle til nissefest den første dagen i desember. Her var det rydda og pynta til fest, og medan ungane song julesongar, dukka det stadig fleire nissar fram frå krikar og krokar på låven." (Haramsnytt 03.12.04).

Nissane fortalde små juleeventyr til dei små gjestane sine. Og så vart det servert julegraut, så klart. Den har nissane halde på med i heile natt, fortalde nissemor Osvik, men fikk sporentresk ein protest frå ei raud, lita nissehue nede i flokken. "Ne-hei, for den har mamma laga ...", kom det kontant. Men god var den, det var dei einige om.

- Eit flott opplegg, seier Marit Tomren, styrar i Brattvåg barnehage BA, dagen etter. Barna stortreivst. Dette må ein gjerne gjere om igjen, oppfordrar ho.

Så håper vi neste årskull tar utfordringa!

Og det gjorde dei - kik innom Nissefest 2005



Stemningsbilete frå festen

"Veit dokke at det var ein gong ei lita bygd som gløymde det var jul?"

Alle smånissane høyrde godt etter når "dei ordentlege nissane" sette i gong å fortelje. Og borna hjalp gjerne til med forteljinga.



Både blånissar og raudnissar var møtt opp på festen i løa til han Peder,


og det var like spennande for dei store som for dei små nissane.

Etter at alle nissane hadde kome fram frå skjulestadane sine,
var det på tide med ein liten prat og litt sang.

Kanskje den der med å bukke - kan nissar bukke?



Tja, jo - nissar kan vel bukke?
I alle fall etter kyndig forklaring frå ein liten blånisse!


"Kom igjen nissevener - la oss bukke for gjestane våre"


Ja, det var gjestane nøgde med.


Kan hende er det fleire som kan bukke?
Eller er det andre ting smånissar lurer på?



Fotograf var det her og jo!


Hei, du, veslejente!
Stå nå litt stille mens eg får på deg nissehua di før fotografering,
tenkte nok denne snille nissedama.

Sånn. Nå vart vi fine - knips i veg!

"Er det nokon som vil ha?"


Alle nissar liker jo å gi, og born liker å få.
Mandariner ville nesten alle saman ha,
i alle fall når det var frå ein nisse!


Her skal vi sjå ...


Ein til deg og ein til deg ...


Vil dokke ha litt julegraut og?
Den er kjempegod - ja, det synast nå vi da,
smilte desse to raudnissane.



Ingen tvil - dette var godt!
Så godt at enkelte nissar lurte seg til ein ekstra porsjon "i det skjulte".



Så vart det stillare i krikar og kroker ...


- for ein fest er morosam, men så er den over.
Sjølv smånissar treng å slappe av ein grann.


God Jul !


Hovudsida