| |
Ei reise til Sri
Lanka for OD
- ei storyline for 1A skuleåret
03/04 - |
Framføring av 1A under Yrkesmessa
Vi møtte opp på klasserom 218, der nokre elevar
i 1A skulle framføre eit ”skodespel”. Dette
er ein storyline som dei har jobba med ein lita stund no. Dei
hadde brukt faga norsk, engelsk, naturfag og økonomi
som kombinerte fag i opplegget som gikk ut på å
leve seg inn i ein situasjon og finne fram til høvelege
løysingar på ulike utfordringar dei møtte
undervegs.
Situasjonen elevane var komne opp i var at dei som gruppe var
blitt årets OD-kandidat, og fått tildelt ein pris
på kr. 50 000,- . Desse midla skulle dei bruke på
ei reise til prosjektlandet Sri Lanka. Etter turen skulle gruppa
kome med råd om korleis midlane frå Operasjon Dagsverk
best kunne nyttast. Dei presenterte seg sjølve (oppdikta
personlegdommar) og sa at dei hadde tatt ei reise til Sri
Lanka for å sjå korleis tilhøva var. Dei
reiste rundt heile landet, og turen hadde ikkje vore billig,
nei! Dei viste mange forskjellige bilete frå stadar
dei hadde vore på. Dei hadde og vore på forskjellige
museum og viste publikum bilete av flotte bygningar. Besøket
i Sri Lanka varte i 7 dagar.
Dei framførte det heile på engelsk, noko vi synast
var veldig imponerande Det såg ikkje ut som det var
noko problem for elevane som no går grunnskurs allmenne
fag.
Vi skryt veldig mykje av elevane, dei framførte kjempe
bra!
Silje og Lindis - elevar HVS
Andre glimt frå Yrkesmessa 2004 |
|