| "Peace Man!!"
Med desse orda opna rektor Jøstein Taftø messa! Og fortsatte vidare med å fortelje om at dette var den niande messa i rekka av yrkesmesse her på skulen. Og neste år har vi jubileum! Han snakka også om dei mange moglegheitene som er på HVS, og om at oss er svært knytta til næringslivet i kommuna. Næringslivet ønsker å ta vare på dette, og stiller derfor gjerne opp på slike arrangement. Noko vi alle er glade for! Kommuna ønsker å behalde undommen i kommuna, og vil derfor skape eit godt samarbeid mellom skulane og næringslivet.

Spente guidar ventar på besøk frå tiandeklassingar. |
Deretter tok rådgjevar Ivar Roal over. Han ga innformasjon om dagen, og dei ulike aktivitetane som skulle gå føre seg. Han fortsatte med å fortelle om dei ulike studietilboda som finns ved skulen, før han ropte opp dei ulike gruppene som fekk kvar sine to guider frå første klasse. Det var ein spent gjeng som forlot auditoriet for å få omvisning!
Tilbake til Yrkesmessa 2005.
|