Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Komande videregåande elevar

På yrkesmessa krydde det av forventningsfulle tiandeklassingar.Eg tok meg like gjerne tida til å snakke me nokre av dei i lunsjpausa. Kva oppfatningar har dei eigentleg? Stod yrkesmessa til forventningane? Eg møtte på 4 kjekke ungdomskuleelevar frå Brattvåg, som gjerne ville slå av ein prat i den stappfulle og bråkete kantina.


Solveig Klokk

-Eg synast yrkesmessa er svært spennande! Har truffe på mange nye folk også, seier Solveig Klokk som er svært positiv til denne messa. Solveig og vennindegjengen har funne vegen ned til kantina for å få seg ein gratis hamburgar og ein pust i bakken. På spørsmål om kva ho skal gjere neste år, er ho heller usikker, men ein ting er klart; - Det vert i alle fall ikkje allmenn! Seier den bestemte jenta frå Brattvåg. Men ho synast yrkesmessa kan vere til hjelp for dei som ikkje har bestemt seg.
- Kan vere ei god hjelp på vegen, meinar Solveig. Einaste ho har å utsetje, er at den ikkje akkurat appellerar til jenter. Mykje teknisk! Det er vennindegjengen også einige om.


Lise Alvestad

Lise Alvestad sit nokre stolar bortanfor Solveig, og er like positiv. - Svært bra laga til! Vi lærar mykje om dei forskjellige bedriftene, seier Lise med hamburgar i munnen. Lise har også bestemt seg for kva ho vil gjere neste år. - Det blir nok allmennfag her på Haram Videregåande Skule, seier Lise. Ho synast at IBD freista, men at språklaben var kjekkast. Ho er derimot ikkje interessert i noko som vert representert her på yrkesmessa, men er einig med Solveig at den kan vere ei god rettleiing for dei som er usikker vedrørande neste år.

I same gjengen fekk eg tak i Ola Skjelten og Steffen Korsnes. Om dei ikkje synast at yrkesmessa er interessant, er maten i alle fall det. - Maten var kjempe god! Og den er gratis også! Seier Ola med stor entusiasme. - Åltso, det er kjekt her då, men standane vert litt langdryge, meinar Ola. Steffen nikkar og seier seg eining. -Men ein får lære litt meir om dei forskjellige faga og bedriftene, så på ein måte er det jo lærerikt, legg Ola til. Begge gutane har bestemt seg for kva dei skal neste år, og verkar klare for å begynne på den videregåande skulen. - Det vert nok allmennfag her på Haram Videregåande Skule, seier Ola med cola'n dinglande i handa. - Eg skal gå Mekaniske fag, bryt Steffen inn.


Ola Skjelten

Steffen Korsnes

Alle er einige om at yrkesmessa har vore kjekk, og eg let dei fortsette å ete hamburgarane sine. Eg derimot gjer meg klar for den store «happeningen» i Auditoriet. Håpar at fleire var like positive som desse.

Tilbake til Yrkesmessa 2005.