| MATPAUSE!

Svoltne besøkande får omsider mat. |
Når klokka nærma seg 11, tok vi turen ned i kantina for å sjå om Gunn og hjelparane hennar hadde alt klart til matpausa. Der skulle dei servere hamburgarar til alle tiandeklassingane og guidane. Det såg ut til at dei hadde alt under kontroll, og like etter braka det laus.
180 tiandeklassingar kom styrtande ned i kantina for å få dei gode hamburgerane hennar Gunn. Det vart lange køer, men alle fekk. Og det såg ut til at det smakte etter rundturen.
Mens alle sat og nytte maten gjekk vi rundt og spurde kva tankar tiandeklassingane hadde om yrkesmessa, og om dei hadde tenkt å søkje seg til HVS neste år. Dette var det delte meininger, og mange hadde tenkt seg til Fagerlia. Dei fleste var eininge om at yrkesmessa var ein positiv og kjekk ting.
Etter matpausa samla alle seg utanfor auditoriet og gjorde seg klar til andre delen av rundturen.

Etter maten må tiandeklassingane igjen finne guidane sine. |
Tilbake til Yrkesmessa 2005.
|