| Opning av yrkesmessa 2005

Torill Fjørtoft får overrekt smartprisen i vaksenklassa. |
Klokka 17.00 i auditoriet på Haram Vidargåande, ærklærte Rektor Jøstein Taftø, yrkesmessa 2005 for opna for niande gong. Han får fram at yrkesmessa er her for å hjelpe ungdommen i vidare valg. Her på yrkesmessa står kommunene Haram, Sandøy og Misund saman for å presantere ulike tilboda vi finn i næringslivet.
Årets Smartpris
Trond Seth var tilstades for å dele ut smartprisen. Han forklarte at målet med denne prisen var å auke interessa for kreativt arbeid. Prisen blei delt ut i to grupper, ein for voksne og ein for ungdom. Dei som står bak prisen er blant anna: Nordea, Sparebanken Møre, Haram Vidaregåande Skule og H-Produkter.Torill Fjørtoft tok imot prisen for voksne. I tillegg til hederen var prisen på 10 000 kroner.

Trond Seth prøver ut nakkeputa som Torill vann prisen for. |
I gruppa for ungdom var det to vinnarar. På andreplass var der fire elever fra niande klasse på Lepsøy skule. Bedrifta deira har fått namnet Firlingen, og dei lagar eigne produkter og deltar på salgsmesser.
På første plass var det den kjære bedrifta Global Connection frå skulen vår som stakk av med. Bedrifta består av 10 IBD elever fra 2AF. Bedrifta fokuserer på kommunikasjon via internett. Dei brukar programmet Messenger for å kommunisere med andre.
Malin og Trine er berre to av dei elevane som tar dette faget. Dei har for det meste berre positive ting å seie om faget. Dei forteller at det er eit kjekt fag, og samholdet blandt dei er veldig bra. «Det er eit lærerikt fag, og vi har det kjekt saman,» kommenterer Trine. «Men vi er jo berre prøvekaniner til dette tilbodet», skyter Christoffer inn og smiler.

IBD-gjengen ser temmeleg spente på prisen dei får overrekt. Ein netto sum på 3000 kroner. |

Dei ser temmelig smarte ut...ikkje rart at dei vann!
|
Tilbake til Yrkesmessa 2005.
|