Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Kva skjer
> Yrkesmessa 2006
Aktiv læring
i praksis
Elevframsyning av 2AF.
Det var framsyning i Auditoriet av elevar frå
VK1-AF i både norsk og engelsk. Dette var flotte
framsyningar og Haram Vidaregåande skal vere stolte
av elevane sine.
|
|
Folk og samfunn i norrøn tid
- eit tverrfagleg prosjekt i norsk og geografi
Dei to første framsyningane var henta frå eit storyline-prosjekt
med fokus på folk og samfunn i norrøn tid. Eit
stramt tidsskjema, eit rikt litterært innhald og ein utfordrande
avslutting, engasjerte den kreative gjengen i 2AF tidlegare
dette skuleåret. Siden da har dei fått høve
til å vise kva dei har lært, og korleis, til besøkande
lærargrupper frå andre fylke og til jubilantane
under markeringa av skulen sitt 30-års-jubileum. No sto
tiandeklassingane for tur.
Gruppe 1
bestod av Kari, Hanne, Susann, Fredrik og Karl Inge.
Desse hadde om Sigurd Jorsalfar og broren Øystein. Dei
hadde fokus på reisa til Sigurd, og motsetningane mellom
dei tre brørne i den tida dei regjerte i Noreg.
|
|
 |
| -
Sigurd reiser ut i verda -
Med enkle rekvisitar, masse energi og artige kommentarar
førte elevane oss inn i historia.
|
- Han møtte eksotiske personar ... -
|
- og hadde mangt å fortelje bror sin når
han kom heim -
Ikkje rart dei var i strid, dei to brørne,
tenkte vi, men slutten bar bod om eit hjarteleg broderforhold
trass alt.
|
Gruppe 2
bestod av Lars Petter, Thomas, Marianne, Jannicke og
Kristian.
Dei hadde lese Gunnlaugssoga og presenterte skaldelivet. "Skaldar
i konflikt med andre, og deira forhold til makthavarane"
var ramma for deira framsyning.
- Skalden Thomas i møte med Eirik Jarl -
|
Ikkje vanskeleg å sjå
at desse
to karane var i strid med kvarandre.
Så endte det heller ikkje godt ...
 |
 |
Filmanalyse
- prosjekt som arbeidsmetode i studieretningsfaget engelsk
Gruppe 3
bestod av Arild, Kristine, Nina, Sindre og Jannicke.
Desse synte fram engelskprosjektet sitt, som tok for seg
filmen Forrest Gump. Dei hadde analysert filmen,
og presenterte dette for publikum - på engelsk.
I tillegg hadde dei laga ein liten eigen produsert film
om Forrest Gump, med seg sjølv som rolleinnehavarar.
T.h.:
Arild, som Forest sjølv, leia oss gjennom heile
seansen på ein mestarleg måte.
|
|
- Jannicke og Sindre presenterer filmen for publikum
- |
Vi takkar 2AF for god underhaldning denne økta!
Av WEB-journalistane ved HVS:
Merethe, Vivian, Sybell og Melina (3AF)
Tilbake til Yrkesmessa 2006 Hovudsida
|
|
|