Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Kva skjer
> Yrkesmessa 2006
Kantina på HVS er verd eit besøk!
Fredag 03.02.06.
Ein av trivselsfaktorane ved Haram vidaregåande
skule er kantina. Vi tok oss derfor ein tur ned dit for å
snakke litt med med Gunn, mens ho sto på for å mette
alle dei besøkande desse dagane. Og ho tok seg tid til
ein liten prat, slik ho brukar.
- Kantinedrivar Gunn Furnes - |
Kva er det som står på menyen i dag?
- Det er gryterett med ris og salat, bagettar, sveler, hamburgarar,
rundstykke og kaffi for den som ønskjer det.
Har du hatt mykje å gjere no før yrkesmessa?
Har du fått noko hjelp?
- Det har vore ein del innkjøp og førebuing. Eg
har fått hjelp av nokre veldig flinke elevar desse dagane.
Synest du det er kjekt at kantina blir fylt opp med komande
elevar?
- Ja, det er trivelig
Får du skryt av maten?
- Ja, masse skryt. Dei er vel fornøgd berre her er mat,
he he.
Rekk du å gjere alt du skal, lurte vi.
- Ehhm…ja, smilte Gunn på det spørsmålet
Nokon har sagt at du er den mest stressa personen utan å
vere stressa, kva vil du seie til det?
- Eg er ikkje stressa i det heile tatt. Eg har berre eit høgt
tempo. Eg har lært meg å vere praktisk og effektiv
då eg jobba i hotellbransjen. Der blir ein jo nesten piska
i ræva, svarte ho flirande på klingande sørlandsk
Trivst du i kantina?
- Eg trivst kjempegodt. Eg er kjempeglad i heile gjengen.
Korleis oppfører elevane seg mot deg?
- Veldig bra. Somme elevar imponerer veldig. Det er viktig å
ikkje dømme folk utan å kjenne dei.
Gleder du deg til dagen er over? Blir det godt å kome
tilbake til kvardagen?
- Ja, det blir godt å komme inn i gjenge igjen. Men det
er jo snart ferie!
Vi knipsa litt for å vise noko av den gode stemninga og
"trykket" som var i kantina under yrkesmessa.
Tiandeklassingane fann seg fort til rette rundt
borda i kantina.
Småprat og latter høyrer med!
|

- og fullt var det, ingen tvil -
|
Kjem du på besøk til HVS, finn du kantina nede
i kjellaren. Stikk gjerne ned dit og slapp av litt før
du hastar vidare.
Av WEB-journalistane ved HVS:
Merethe, Vivian, Sybell og Melina (3AF)
Tilbake til Yrkesmessa 2006
Hovudsida
|
|
|