Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Kva skjer
> Yrkesmessa 2006
Popkorn
Torsdag 02.02.06.
Vi stakk ein tur innom Elektro VK1 for å sjå
på den nyoppfunne popcornmaskina. Det var eit minneverdig
syn. |
|
Vi fekk huka tak i Vegard Otterlei som kunne fortelje oss om
denne fabelaktige oppfinninga.
Korleis kom dykk opp med denne oppfinninga?
- Vi hadde eigentleg tenkt å lage ei pizzamaskin.
Men det vart altfor innvikla. Og så det var ein
i klassa som hadde fått ei popkornmaskin i julegåve.
Så då fant vi ut at vi ville vidare utvikle
denne maskina.
Korleis fungerer maskina?
- Vi har laga eit program på data som styrer ein
PLS. Og den styrer alt. Alt vi treng å gjere er
å trykkje på to knappar. Og då gjer
maskina alt sjølv. Den tel opp korna, tømmer
dei oppi maskina, blandar i olje og skrur på varmen.
Korleis er popkornmaskina relatert til elektrofaget?
- Alt skal gå automatisk, og vi treng elektrisitet
for å få alt til å fungere. |
- Vegard Otterlei -
VKI-EL og representant for
"super-popparane" |
Kva tykkjer publikum om dette vidunderet?
- Dei er veldig imponerte og tykkjer den er bra, men ingen tør
å smake.
(Ikkje heilt sant messa sett under eit, for når
først ein strakk fram ei hand vart det fort tomt ...
(red.anm.)).
Er dykk nøgd med resultatet?
- Ja, men det er ikkje alltid den fungerer som den skal. Men
vi er veldig fornøgd.
I tillegg kunne han meddele at dei hadde brukt ein månad
på å bli ferdig med denne fantastiske maskina.
- Vegard Otterlei viser gjerne fram maskina -
|
- Fasinerande sak i grunn ! -
|
Vi godkjenner resultat.
Med litt handpåstrødd salt, var dette popkorn av
beste kvalitet.
NB!
Både vaffelmaskina
og svelemaskina gikk for fullt på naborommet
under yrkesmessa, og straumen av folk gjennom rommet fortalde
kor populært innslaget var.
Av WEB-journalistane ved HVS:
Merethe og Vivian, (3AF)
Tilbake til: Yrkesmessa
2006
Eller til: Hovudsida
|
|
|