Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Kva skjer
> Yrkesmessa 2006
RoboLab for Tennfjord Barneskule
Torsdag 02.02.06.
 |
Utanfor auditoriet, torsdag
kl 17.00,
var det RoboLab-konkurranse. Dommarane var to karar frå
3TAF (Teknisk Allmenne Fag) og deltakarane var born frå
Tennfjord barneskule frå 5. 6. og 7. klasse.
- Dei har øvd i nokre timar på skulen
heime, men ikkje så mykje, seier læraren
deira.
Det var fleire ulike lag som konkurrerte, 5 lag totalt,
og innsatsen var imponerande. Bilane programmerte dei
inn så dei skulle passe til løypa. Den gruppa
som raskast fullførte løypa ville bli sigerherrane.
T .v.:
Ein av deltakarane gjer klar bilen sin - og det er ein
alvorleg sak ... |
Så er dei i gong!
- Flott køyretøy -
|
- Stor spenning -
|
Gruppe etter gruppe gikk ned på kne for å teste
ut om bil og program fungerte som det skulle; - Bare det går
fort nok!
Spenninga er stor idet dommarane reknar ut kva gruppe som har
vunne ...
- og dommarane gjorde jobben sin -
|
- Vinnar av konkurransen vart ..., smiler Magnus
og Kurt lurt - |
Det stod ganske likt ei stund, men lag 5
kjempa seg til sigaren. Det var ein smilande gjeng som stolte
stilte opp for å bli fotografert.
- Dei stolte vinnarane -
F.v.: Lena, Magnus, Alban, Anders, Kristina, Aurora,
Elin og Kristin |
|
Premieringa vil skje på Tennfjord barneskule i
ettertid.
Vi gratulerer vinnarlaget, og håper dei
får ein fin premie!
|
Av
WEB-journalistane ved HVS:
Merethe, Vivian, Sybell og Melina (3AF)
Tilbake til: Yrkesmessa
2006
Eller til: Hovudsida
|
|
|