Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Kva skjer > Yrkesmessa 2006


YOU CAN RUN BUT CAN'T HIDE

Fredag 03.02.06.

Ein stor gjeng tiandeklassingar satt i auditoriet og var spente. Etter velkomstord og ein gjennomgang av programmet, var det klart for ein guidet rundtur på bygget for alle dei frammøtte, og vi journalistar hadde bestemt oss for å følgje med på turen.

Vi studerte forsamlinga og følgde nøye med for å finne ut kva for gruppe vi kunne tenkje oss å plukke ut og følgje gjennom dagen. Vi landa på ei gruppe med tiandeklassingar frå Brattvåg ungdomsskule. Guidane deira var Chanielle, Mona og Silje frå første allmenn (1AF).


Dei fire heldige gutane
som fikk sjansen til å utrykke meiningane sine etterkvart som dagen gikk,
var (frå venstre) Kristoffer Engeseth, Jardar Brun Teigen, Håvard Hånes
og Joakim Kjerstad.

Ruta før matpausa
førte oss til studieretningsfag på HVS; - først ut var biologi/kjemi, deretter fysikk, IBD, SK (dvs. samfunnskunnskap), språk og til slutt standen til bedrifta Brattvåg Elektro AS.

Vi tok til side ein av gutane på veg inn i biologirommet. Jardar var veldig spent no i byrjinga av dagen, sjølv om han ikkje hadde nokon spesielle forventningar til det dagen kom til å bringe. - Det meste er klart, fortalte han.

Han har allereie bestemt seg for å gå allmenfag her på HVS. Jardar var her på torsdagkvelden og, så han var kjent med oppsettet på messa. Deretter gikk han tilbake til resten av gruppe som vidare skulle til fysikk-rommet.
Vi let gruppa gå litt fritt, utan oss nyfikne journalistar som haleheng.

- Jardar -

Da matpausa kom,
blei kantina veldig fort fylt opp av svoltne elevar. Vi heldt heile tida auge med vår utvalde gruppe. Litt ut i matpausa gikk vi bort til ein av dei andre gutane i gruppa, Håvard Hånes, som satt med vennegjengen sin bak i hjørnet i kantina. Håvard så fornøgd og mett ut slik han satt.

- Håvard -
Vi tok ein liten prat med han for å finne ut kva han syntes så langt. - Jo da. De he vør mykje interessant, var noko av det første han svarte. Skulen hadde flott design, meinte han, og informasjonen han hadde fått på de ulike romma var og interessant og forståelig.

Håvard hadde ikkje bestemt seg om han skulle gå på HVS neste år, men han skal vurdere det.
Ein ting kunne han si sikkert, det var at maten i kantina var kjempegod !
Det same fikk vi slått fast av vennegjengen hans, som satt og nikka langsmed. Tiandeklassingane kunne godt sjå føre seg seg sjølve som elevar ved HVS med hamburgar i handa om eit år …

- Dagen har vore lang og lærerikt for mange. Det meinte Kristoffer Engeseth, som tok seg ei pause utanfor kjemi-rommet litt seinare på dagen.
- Det beste av alle tilboda, var IBD, meinte han. Han likte designstudioet på HVS og har allereie bestemt seg for å gå her neste år, på allmennfagleg linje.

- Kan hende blir han å finne på designstudioet om eit par år? smilte vi journalistar for oss sjølve, når vi hastet tilbake til basen vår.

- Kristoffer -

Vi kan konkludere
med at elevane frå ungdomsskulane har hatt det kjekt på yrkesmessa vår, og mange av dei veit allereie at dei skal søkje seg inn på HVS neste år. I følgje den gruppa vi plukket ut, var Yrkesmessa 2006 suksessfull.

Av WEB-journalistane ved HVS:
Merethe, Vivian, Sybell og Melina (3AF)


Tilbake til:
Yrkesmessa 2006

Eller til:
Hovudsida