Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Kva skjer > Yrkesmessa 2006

Yrkesmessa 2006 
Av WEB-journalistane ved HVS: Merethe og Vivian (3AF)

Torsdag ettermiddag klokka 16:00 samla foreldre, lærarar og elevar frå ungdomsskulane seg i auditoriet på Haram vidaregåande skule, der rektor Jøstein Taftø ønskte velkomen. Han fortalde om skulen generelt og om ideen bak yrkesmessa.



- Yrkesmessa 2006 -

Yrkesmessa vart starta i 1996 her på Haram Vidaregåande av Haram, Sandøy og Midsund kommune, og har såleis 20-årsjubileum i år.
Yrkesmessa skal vere ei orientering om utdanningsvegar og informasjon om skulen; - kva den står for og kva den vil oppnå. Dette blir presentert for publikum ved hjelp av stand, aktivitetar og samtalar med elevar og lærarar.

Rektor Jøstein Taftø oppfordrar alle til å følgje hjartet når ein skal velje kva linje ein skal gå. Ein skal ikkje velje etter det venen eller veninna vel. Ein må vere uavhengig av andre sine val.
- Vel etter interesse og lyst, var bodskapen.

Satsingsområdet til Haram vidaregåande skule til hausten er aktiv læring, teknologi, alternative og utvida læringsarenaer og internasjonalisering.
Skulen fokuserer på at eleven skal vere i sentrum. Skulen sitt mål er at elevane skal få lære. Rektor Taftø meiner at er ein aktiv, lærer ein meir. Ved å samarbeide, forklare, vise fram osb., sitt ein att med mykje meir kunnskap.

Då rektor var ferdig, ville rådgjevar Ivar Roald, presentere linjene ein har å velje mellom på Haram vidaregåande skule. Det er i alt 6 linjer å velje mellom no til hausten. Der i blant er det nokre nye linjer som startar opp til hausten.

Inspektør II Håvard Garshol avslutta økta i auditoriet med å informere om alle faga skulen tilbyr. Han råda og elevane til å gå på internettsida www.vilbli.no der ein kan lese meir om studieretningar og fag.

Meir om Yrkesmessa 2006

Hovudsida