Du er her: Yrkesmessa
2007 > Artikkel
Stor aktivitet !

- Her er det 10 .klassingar som er på besøk
hos 1MK - |
Dette skuleåret kom det ei ny linje til Haram
vidaregåande skule, Medium og kommunikasjon. Linja har
kome godt i gong, og det var fleire besøkande som tok
turen dit under yrkesmessa.
Av: Birgitte Ringstad, 1MK.
Rekruttering
- Medium og kommunikasjon på Haram vidaregåande
skule verkar spanande, seier Rolf Espen Furnes. Han går
i 10. klasse på Brattvåg ungdomskule, og har planar
om å gå medium og kommunikasjon til hausten. Gjennom
yrkesmessa føler han at han har fått meir informasjon
om linja.
Medium og kommunikasjon ser også ut til å fungere
godt ved skulen. Det har vore lite oppstartsproblem sjølv
om linja er ny, og elevane har mykje ressursar dei kan bruke.
Lærerikt og morosamt
Medium og kommunikasjon er eit yrkesfag, men når
det gjeld studiekompetanse er det likestilt med dei studiespesialiserande
linjene, og elevane har høve til å fortsette
på høgskular og universitet. Ei anna retning
ein kan velje er å bli lærling som fotograf eller
grafikar etter MK2, og deretter få fagbrev etter to
år.
På Haram vidaregåande skule tilbyr ein eit treårig
løp som ein vil få generell studiekompetanse
av. No er det lagt inn fem timar ekstra første året
for at allmennfaga matematikk og naturfag, skal bli gjort
unna frå starten av. Desse fem timane får ein
att siste året, då det vil bli meir mediafag.
Læring gjennom praksis
I år går det ti elevar på linja,
og i samband med yrkesmessa har elevane synt arbeidet sitt
for besøkande. For det meste 10. klassingar som snart
skal velje kva studieretning dei skal gå til hausten.
Elevane på linja har fått praktiske oppgåver
der dei har skrive portrettintervju, nyheitssaker, og laga
kvar sin film. Her på yrkesmessa har dei ti elevane
som prosjekt å “dekke” yrkesmessa. Det vil
seie at elevane skulle skrive nyheitsartiklar, lage reportasjer
og ein mini-dokumentar. Dette er eit døme på
dei praktiske oppgåvene ein kan få på ei
linje som dette.
Folk som var innom messa kunne og besøke klasserommet
til 1MK-klassa, og sjå på arbeidet dei har gjort
hittil i år. På eit lerret vart det synt filmar
som elevane sjølv hadde laga, og på veggane hang
det avissider.
Spanande og vanskeleg på same tid
- Kjempeflott tilbod!, seier ein engasjert Raymond
Karlsen. Raymond som går 1MK, meiner linja både
er lærerik og morosam på same tid.
- I tillegg har vi eit veldig godt miljø i klassa,
smiler han.
Han konkluderer med at faget er spanande, og at det er
mykje nytt og moderne dei får kunnskap om. Samstundes
er det vanskeleg - for det er alltid noko nytt å lære
og allmenfaga elevane har, er i tillegg arbeidskrevjande.

Raynond viser fram noko av utstyret
elevane på 1MK-linja bruker. |

Rolf Espen er klar for Medium og kommunikasjon til
hausten. |
Tilbake til:
Yrkesmessa 2007
Hovudsida