Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






Du er her: Yrkesmessa 2007 > Artikkel


Yrkesmessa ein suksess i år og

Tekst og bilete:
Adrian C. Solvang og Steinar Tharaldsen, begge 1MK.


Torsdag 25. januar opna Yrkesmessa 2007 på Haram vidaregåande skule. Dette er den 11. yrkesmessa som er arrangert på Haram vidaregåande skule. Den er laga for ungdommen, slik at dei skal få informasjon om dei forskjellige utdanningsprogramma som dei kan velje etter ungdomsskulen.


Yrkesmessa er eit samarbeid mellom Haram vidaregåande skule, Opplæringskontoret i Haram, bedrifter og etatar i nærområdet vårt i Haram, Misund og Sandøy kommune.

Torsdag kveld var det open skule. Da kunne alle interesserte kome til Yrkesmessa. Fredagen etter var det først og fremst 10. klassingane i overnemnde kommunar som fikk glede av opplegget på HVS.



Kva hadde messa å by på?

Vi tok oss ein tur rundt på bygget (HVS), tok nokre bilde og laga ein liten bildemontasje. Her får du ein kort, liten gjennomgang av kva som skjedde dei to dagane Yrkesmessa varte.

Opning av Yrkesmessa 2007
Messa vart opna torsdag ettermiddag av rektor Jøstein Taftø i auditoriet på Haram vidaregåande skule. Han ønska alle velkomen og informerte kort om skulen, om føremålet med yrkesmessa og skulen sine visjonar.

Deretter la rådgjevar Ivar Roald fram kva for utdanningsprogram Haram vidaregåande skule tilbyr. Dette var for så vidt tungt stoff, men rådgjevar Roald klarte å formidle det heile på ein lettfatteleg måte. Om nokon ønskjer å vite meir, kan dei berre ta kontakt med rådgjevaren ved HVS for å få klarheit i kva dei måtte lure på.

Smakebit på elevkvardagen ved HVS.
Når rektor og rådgjevar hadde snakka ferdig, fikk dei frammøtte ein smakebit av kva elevane på skulen held på med i den vanlege skulekvardagen. Vi veit jo at mykje er teori, men fleire av undervisningsopplegga ved skulen inneheld og andre utfordringar.

Mona Kvammen, Ingrid Gamlem og Malin Longva, alle frå VKI AF, presenterte sitt prosjektresultat i eit prosjekt dei hadde tidlegare i haust i studieretningsfaget engelsk, der elevane skulle fordjupe seg i ein film eller ein roman, og presentere den for andre slik at andre og fikk lyst til å sjå/lese.
Jentene hadde ei valt seg den kjende filmen Titanic. For å få fram bodskapet sitt til publikum, hadde dei laga ein presentasjon med fakta om filmen, sjølvlaga filmsnuttar, kombinert med analyser av scener i filmen sett opp i mot oppdraget frå faglæraren deira, Bente Hole.
Framføringa gikk føre seg på engelsk, og dei hadde verkeleg lagt sjela si i prosjekt-arbeidet. Og underhaldande var det!

Etter orienteringa var det fritt fram for alle som var på Yrkesmessa, til å besøke dei romma dei ville.

Fotoserie: Rektor Jøstein Taftø
Tekst: Hilde K. Aasgaarden


Opplæringskontor


Opplæringskontoret i Haram og Opplæringskontoret for elektrofag
var representerte på yrkesmessa, og ga nyttig informasjon til ungdommen.


Elektro


Desse gutane har allereie tatt sitt val - etter at skuleåret på VKI Elektro
er avslutta, satsar dei på lærlingkontrakt.



Faglærar Solveig Hersvik (t.h.)
la informasjonsansvaret
over på vg1-elevane sine.
- Ikkje noko problem,
smilte gutane på vg1 Elektro.



VKI Elektro
informerer gjerne jenter
om fagområdet sitt.


Stor trivsel og godt humør på elektrolab'en.


Vi arbeider mykje og intenst her til vanleg, forsikra elektrikarane.
Konsern


Rolls Royce
informerte om sine arbeidsoppdrag, og fortalte om kva for type
arbeidskraft ein treng innan verftsindustrien.
Det er behov for mange ulike yrkesgrupper i slike store konsern.


Aker tok og godt i mot dei besøkande.
Til likes med dei andre bedriftene informerte dei om kva konsernet står for, og kva for kvalifikasjonar dei krev av sine arbeidstakarar.
- Behovet for kompetanse er stor, vi treng dyktige folk på alle nivå,
smilte representantane frå Aker.


Realistar


Fysikk har stil!
På fysikkrommet var komande ingeniørar i full gong
med å utføre ulike fysikkrelaterte demontrasjonar.



Kjemigjengen fyrte laus ...
Med iver fortalde dei gjerne om kjemien sin spanande verd,
og dei vart ikkje mindre engasjerte når dei fikk setje i gong
med praktiske demonstrasjonar.



Biologi er tingen!

Ingen tvil - biologigjengen koste seg
med disseksjon og lupestudie av lakserogn



Litt tvilande ...


Full utprøving ...


IBD-elevane engasjerte sine gjestar!



Elevane med studieretningsfaget IBD fortalde om faget sitt inne på Innovasjonsstudio. Dei fokuserte på kva dei lærer og korleis dei lærer.

Dei demonstrerte praktiske øvingar, fortalde om ekskursjonar i inn- og utland, samt viste fram noko av arbeidet dei har gjort til no i elevbedriftene sine.




T.h.:
Silje, 3IBD, representerer elevbedrifta IBD Consulting



Vg1 Helse og sosial hadde og lagt seg i selen i år. Kunnskapsløftet har endra mykje på strukturen i dette utdanningsprogrammet, og elevane fikk fram mangfaldet i kvardagen sin på ein flott stand. Dei serverte sunn mat, medan dei viste sukkerinnhaldet i brus på ein bokstaveleg og klar måte - til skrekk og advarsel! Dei fortalde om linja si, og kva for utdanningsvegar ein hadde vifare etter vg1. I tillegg demonstrerte dei bruk av sjukeseng og løfteapparat (utlånt frå Haram kommune), samt noko grunnleggjande førstehjelp .

Sukkerinnhaldet i brus
er ingen spøk!


Fleire som vil prøve?


I verkstadavdelinga på HVS var det og full aktivitet til glede for mange maskin-interesserte. Elevar og lærarar fortalde om livet på verkstadane, og kva for utdanningsvegar vg1 TP fører fram mot.


Faglærar Håkon Sæterøy


To ivrige elevar ved VKI Elektromekanisk i fullt arbeid.


Lett blanding i sveisehallen
Her finn du både 2TAF-elevar, 1TP-elevar, ein fagmann og ein lærar
...


Diskusjonar er viktig!
Her fikk alle høve til å spørje, og kanskje prøve ...



Kommunane stilte og på stand og informerte om kva for yrkesgrupper som var representerte i ei kommune.- Kjekt å treffe folk, smilte blide kommunetilsette.




Fredag - full dag med eige program

Fredag 26. januar var det elevane frå 10. klasse som var samla i auditoriet. Dei fikk og ein opningstale av rektor Taftø, før dei vart delte inn i grupper, fekk kvar sin guide som viste elevgruppene rundt til dei forskjellige romma på HVS.

Tekst og bilete:
Adrian C. Solvang og Steinar Tharaldsen, begge 1MK.



- Rektor på Haram vidaregåande skule, Jøstein Taftø -


- Og i salen satt desse 10. klassingane satt og høyrde på -



Omvisning på HVS
Når denne presentasjonen av skulen var ferdig, var det tid for omvisning på messa. Då blei elevane presentert for desse blåkledde guidar frå 1ST, som skulle vere med dei resten av dagen.


- Ein blåkledd guide -


- To og to venta dei på å få tildelt si gruppe -


- Ein liten presentasjon ute på gangen,
og så var det berre å leggje ut på rundturen -


Elevane blei viste rundt på ulike stand og spesialrom, som her på naturfagsrommet, der kjemielevar og biologielevar var i full gong med praktsisk lab-arbeid.

Her demonstrerer forresten kjemielev Silje Lødøen overgongen
frå væske til gassform, og det faktum at gass utvidar seg ved
vidare oppvarming. Og det vist ved hjelp av ein kondom!!!


Det slo an, både hos publikum og hos medelevar. Til like med det kruttrøyken, slimklumpene og hockeypulveret hadde gjort kvelden før.


Dette er nok ikkje kvardagsaktivitetar på kjemilabben, men absolutt noko kreative kjemielevar liker å halde på med når dei får litt friare hender,
smiler faglærar i kjemi Arvid Jenssen,
medan han demonstrerte nettressursen til læreverket i naturfag.


I andre enden av bygget var det og liv og latter. Der haldt dei ferske Medium og kommunikasjons-elevane til, og dei hadde og litt av kvart å by på.

Medium og kommunikasjon.
På spesialrommet til vg1MK blei det vist filmar på storskjerm og dei besøkande elevane fekk prøve seg på litt forskjellige Adobe program.


- Var du heldig kunne du bli tatt bilde av -


- Eller kanskje intervjua, slik som rektor Taftø blir her -

I korridorane sat HVS sine eigne elevar og koste seg med at det var litt ekstra liv og røre på skulen. Og det var ingen blyge miner, sjølv om det er rektor som er å finne bakom kamera.


Stas med ekstra folk i gangane, smiler desse jentene til rektor Taftø.


Messa sett med unge auge

- Yrkesmessa er veldig bra, men eg tykkjer at guidane kunne vere litt meir engasjerte, seier Thomas og Sara Marlen frå Vatne ungdomskule smilande på veg ned i kantina ved 11-tida. Ein elev går ikkje på tom mage heile dagen, så derfor var det gratis hamburgar å få i kantina.

Nokre elevar på gangen
Etter det samla elevane seg i gruppene sine og fortsette omvisningsrunden.

Vi huka tak i nokre gutar for å høyre korleis dei hadde opplevd dagen så langt.
Les meir ...

- Det tok ikkje lang tid før HVS-elev ved vg1 Elektro, Magnus Otterlei Fjørtoft (midten), hadde overbevist Martin Løken Lie (venstre) og Ole Marius Fjørtoft Otterlei om at elektrolinja var det rette å gå på, fekk vi vite når vi las Haramsnytt veka etter. Vi får sjå om det held seg oppe til etter søknadsfristen og inn i neste skuleår. Dei er i alle fall velkomne!

Foto: Kristian Fauskan

Dagen går mot slutten
Når 10. klassingane var ferdige med omvisninga, var det ny samling i auditoriet. På førehand hadde elevane valt seg ei yrkeslinje dei ville vite meir om. I auditoriet vart dei delte inn i nye grupper tilpassa desse vala. I den siste økta fikk dei ei grundigare innføring i faget, og dei fikk prøve seg på nokre praktiske oppgåver.

Så var ein dagen omme, og Yrkesmessa 2007 slutt for i år.


Tilbake til Yrkesmessa 2007

Hovudsida