|
Du er her: Yrkesmessa
2007 > Artikkel
4 på gangen
Sist torsdag og fredag var det Yrkesmesse på
Haram vidaregåande skule. Her var det mange forventningsfulle
10. klassingar på besøk frå forskjellige
skular. For å få vite nærare kva nokre av
dei synst om messa har vi spurt 4 av elevane vi møtte
nokre spørsmål.
Av: Steinar Tharaldsen, 1MK
Dato: 26.01.07.
1. Namn, alder og bustad?
2. Kva er det på Yrkesmessa som interesserer deg mest?
3. Svarte Yrkesmessa til forventningane dine?
 |
1.
Steffen Rogne Johannsen, 15år, Brattvåg.
2.
Biologi, svarar han klart og tydeleg. Han likar ting
som har med hjerte og kjemiske reaksjonar.
3.
Ja, enda bedre faktisk. Eg lærar mykje på
kvar stasjon og dette gjer valet om kva linje eg skal
gå mykje enklare, smilar han. |
 |
1.
Even Blindheim, 15år, Krogsæter.
2.
Elektro var mest interessant, for eg likar å halde
på med motor, seier han og smilar.
3.
Ja, messa var heilt topppers.
Mykje viktig informasjon å få her, svarar
Even. |
 |
1.
Martin Løken Lie, 14år, Brattvåg.
2.
Her var mykje interessant, men det som toppa kaka var
elektrofag, seiar Martin. Han likar å halde på
med ledningar og generelt elektronikk.
3.
Ja, det var gøy. Eg likte spesielt å sjå
på filmane på Medium og kommunikasjon, seier
han og mimrar litt om ein popcornfilm han fekk sjå
der. |
 |
1.
Kay Ruben, 14år, Helland.
2. Mekanisk virkar kjekt, det er jo interessant med
motor og liknande.
3. Ja, det var kjekt. Eg fekk eit lite innblikk i kva
som skjedde på kvar plass eg var på, seier
Kay Ruben.
|
Vi håper vi ser igjen desse karane neste skuleår,
og ønskjer dei lukke til med val av utdanningsprogram!
Tilbake til:
Yrkesmessa ein suksess
i år og (Artikkel)
Yrkesmessa 2007
Hovudsida
|
|