Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






Du er her: Yrkesmessa 2007 > Artikkel


Tekniske allmennfag, eit annaleis alternativ

Yrkesmessa ved Haram vidaregåande har vore eit fast innslag ved skulen sidan 1996, då ho vart arrangert for første gong. Målet med yrkesmessa er at elevane, dei føresette og andre interesserte skal få kunnskap om studietilbod, yrke, næringsliv og arbeidshøve. Den gir også elevane ved skulen ein sjanse til å vise kva dei kan, og sjå kva dei andre linjene har og tilby.

Av: Randi Urke, 1MK.


Rune Rønstad saman med dei to TAF elevane
Michael Kristensen Risbakk (midten) og Kurt Krogsæther.


Tekniske allmennfag

Eit av tilboda ved HVS er Tekniske allmennfag eller TAF, ei av dei mest populære linjene ved skulen. Dette er ei 4-årig linje, der du til slutt får fagbrev og spesiell studiekompetanse. Dei to første åra går TAF-elevane 3 dagar på skule og er 2 dagar ute i praksis, medan dei to siste er det omvendt. Elevane ved linja byrjar med ei løn på rundt 40 kroner timen. Dette har dei i dei to første åra. 3. året får dei lærlingløn og etter dette går det berre ein veg, og det er oppover. Elevane er utplasserte ved forskjellige bedrifter ute i kommunene, ofte bedrifter nært der dei bor. TAF-elevane har i tillegg til vanlege allmennfag, også mekaniske fag og elektrofag på timeplanen sin. TAF-elevane har berre 4 veker med ferie i året, og arbeider ved bedrifta når det ikkje er skule.

Vi støtte på Marte Mårstøl som går i 10a ved Brattvåg ungdomsskule, og ho har nesten bestemt seg for kva ho skal gå;
- Mest sannsynleg skal eg gå helse- og sosialfag til neste år, men eg synast og TAF-linja ved HVS verkar spanande.


Eit spanande tilbod?
Micahel Kristensen Risbakk er 1. års elev ved TAF-linja, og jobbar ved Nogva motorfabrikk kvar torsdag og fredag. På spørsmålet om korleis han likar seg på linja svarer han;
- TAF er ei veldig kjekk linje! Det er kjekke folk, og kjekke lærarar. Eg har også blitt godt motteken i bedrifta og det er veldig god kommunikasjon mellom skulen og fabrikken.

Han fortel også at det er eit godt arbeidsmiljø, og at dei alltid passar på at han har noko å gjere. Skulen legg godt til rette for at han skal lære mest mogleg medan han er ute i praksis.
- TAF er ei linje eg absolutt vil anbefale til andre!


Samarbeid med bedriftene
Nogva motorfabrikk i Søvik er ei av bedriftene som har TAF elevar i prakis i bedrifta. Dei har sidan TAF-linja vart oppretta for 8 år sidan hatt i gjennomsnitt to elevar om gongen, og får nye med to års mellomrom. Dei har for tida ein 1. års- og ein 4. års elev. Nogva har høve til å dekke alle mekaniske område som elevane treng for å få fagbrevet sitt. Dei får borre, slipe, dreie, frese, lakkere og montere i tillegg til vedlikehald og prøvekjøring av motorar. Rune Rønstad som er tilsett ved Nogva Motorfabrikk, seier at eitt av måla med å ha TAF-elevar i bedrifta er at dei gjerne vil dei skal komme tilbake til Nogva etter endt skulegang.


Praksis
Rektor Jøstein Taftø seier at i 2007 vil skulen satse meir på praksis, og at elevane på dei yrkesfaglege linjene Helse og sosial (HS) og Teknikk og industriell produksjon (TIP) skal ha meir praktisk arbeid. Blant anna blir elevane ved HS og TIP sendt meir ut i arbeidslivet, og får prøve seg i bedrifter litt på samme måten som TAF allereie gjer. Elevar frå TIP har nyleg hatt arbeidsveke og vore utplassert i fleire av bedriftene som allereie har elevar frå tekniske allmennfag.


Tilbake til:
Yrkesmessa 2007
Hovudsida