Du er her: Yrkesmessa
2007 > Artikkel
Utdanningsprogrammet
Teknisk- og industriell produksjon (TIP)
- Djup konsentrasjon på mekanisk verkstad
- |
For det 11. året på rad var yrkesmessa i gang
på Haram vidaregående skule. Eit av fagtilboda
som vert gitt ved skulen er Teknisk og industriell produksjon
(TIP), tidlegare kalla ”Maskin og mek”, var og
på plass. Dei var travelt opptekne med opplegget dei
hadde laga til for å vise fram innhaldet i utdanningsprogrammet
til spente ungdomsskuleelevar.
Av: Lise Marie Hurlen
Trivsel
Trond Gangstø, som er lærar ved Haram vidaregåande
skule (HVS), underviser i mekaniske fag og har sitt spesialfelt
innan sveising, men dei har både ein sveisehall, ein
mekanisk verkstad og ein monteringsverkstad.
-
Det er opplæring på fleire typar sveising,
blant anna platearbeid, seier han. Dei får også
lære fleire måtar å bearbeide stål
på. Vi er og oppe på ein annan verkstad, der vi
held på med dreiing og montering.
Trond Gangstø meiner at linja fungerer bra på
skulen, og at elevane trivast på linja.
Spent 10 klassing, veit kva han skal søke.
Inne på monteringsverkstaden møter vi en spent
10. klassing med navn Anders Kjerstad Rogne fra Longva. Han
har planar om å søke på HVS til hausten.
Han fortel at han har planar om å søkje på
TIP på HVS, fordi han er interessert i sveising og dreiing
og diverse innan for det mekaniske.
Vi spurte han om yrkesmessa hadde verknad på kva han
kom til å søkje, men han veit allerede kva han
vil. Han seier han kunne tenkje seg å bli CNC-operatør
etter utdanninga si. Han synast at yrkesmessa på HVS
var veldig kjekt og det var masse interessant å sjå.
Andre Kjerstad Rogne på sin plass ved dreiebenken
inne på monteringsverkstaden på HVS. |
Kjempeflott linje
Trond Gangstø synast sjølvsagt og det er ei
kjempeflott linje. På Yrkesmessa viser elevar og lærarar
først og fremst fram kva dei gjer på, i dei ulike
faga – arbeid knytt til verkstadane, som sveising og
litt brenning med skjerebrennar.
Elevane får fortelje kva dei gjer og kva dei meiner
om opplæringa for å prøve å kome
i kontakt med potensielle nye elevar. Og for å prøve
å markedsføre linja, smilar Gangstø.
Gangstø trivst altså veldig godt på HVS.
Han har jobba med mykje ulikt opp gjennom åra, men eg
trivst godt som lærar og, seier han med smil om munnen.
For alle
På spørsmål om kven som bør starte
på denne linja, seier han konsekvent;
-
Dei som er interessert i å jobbe med hendene.
Dei som vil jobbe i industrien.
Han grunngir dette nærare;
-
Det er masse jobbar å få innen industrien.
Dei er veldig heldige, dei ungdommane som kjem inn på
denne linja her, for det er mykje industri rundt i kommunane
i nærmiljøet, så det er ganske greit å
få seg jobb. Men eg tilrår altså linja for
dei som likar å jobbe med hendene, sidan dette er eit
praktisk fagområde, seier faglærar Trond
Gangstø.
Dette synet deler han med elevane ved vg1 TIP.
Les
meir ...
Så konklusjonen
vår er, er du praktisk av deg, er dette eit
val du bør vurdere.
Tilbake til:
Yrkesmessa ein suksess
i år og (Artikkel)
Yrkesmessa 2007
Hovudsida