Du er her: Yrkesmessa
2007 > Artikkel
Kva elevane meiner ...
Utdanningsprogrammet
Teknisk- og industriell produksjon (TIP)

Joakim Rogne Kjærstad likar seg
på TIP (Teknisk- og industriell produksjon).
Han har tenkt til å bli mekanikar, fordi han
elskar å skru på bilar. |
Av: Raymond Karlsen
Guida runde for dei besøkande
10. klasse-elevane vart ønska velkomen til Yrkesmessa
og HVS, før dei fekk litt generell informasjon om dei
forskjellige yrkesretningane dei kunne nå via studietilboda
ved HVS. Ungdomsskuleelevane blei så delte inn i grupper,
og overletne til våre eigne elevar på første
årssteg (vg1 ST), som guida gruppene til ulike demonstrasjonsrom
på HVS.
Fornøgd 1TIP-elev
Inne på eit av dei mekaniske verkstadane finn vi Joakim
Rogne Kjærstad, som går på Teknisk- og industriell
produksjon (TIP).
Når vi spør om kva ein
kan
bli innan TIP, svarer han:
-
Ein kan jobbe med maskineri, bli mekanikar, industriarbeidar
eller gå vidare innan tømrarfaget. Vi har allmenne
fag og produksjonsrelaterte fag på timeplanen vår,
fortel han.Når vi spør om kva han
vil
bli, svarer han konkret at han vil bli mekanikar.
Om skulemiljøet har Joakim berre ein ting å seie:
-
HVS er ein genial skule med rikeleg av service og gode
læremidlar, som gjer at skulen er ein triveleg og spennandes
læreplass, seier ein strålande nøgd
Joakim Kjærstad.
Han avsluttar med å seie at TIP har flest val for vg2
etter grunnkurs eller vg1. som det heiter no. Han peikar og
på at det er innanfor mekanikarfaget det er lettast
å skaffe seg lærlingplass etter fullført
vg2.
Ikkje berre elevar og lærarar
Det var ikkje berre elevane og lærarane på HVS,
som informerte om kva ein kunne bli. Bedrifter kom og til
skulen og presenterte seg sjølve på Yrkesmessa
2007.
Nogva var ei av bedriftene
som kom til skulen, og dei viste oss korleis motorane deira
fungerte. Dei lærte og elevane korleis ein kunne demontere
delane på motorane, og å setje dei på igjen.
MøreNot AS
lagar blant anna garn og lin til fiskebåtar. Det var
mange ungdomsskuleelevar som gjekk inn og såg på
desse garna dei hadde lagt fram. Eit av garna elevane var
spesielt imponert over, var trålgarnet. Lars Kaggerud
ved MøreNot AS fortalde at garnet heisar gjenstandar,
som er opptil fleire tonn tunge.
MøreNot AS lagar sterke tau,
som kan heise gjenstandar på opptil fleire tonn
tunge.
|
Johansen Maritime var og der.
Dei viste oss røra dei laga, og fortalde at dei la
desse røra på alt ifrå store båtar,
til veggar på hus. Johansen Maritime er ei av mange
bedrifter som leigar inn arbeidarar heilt ifrå Polen
kvart år. Det er til og med nokre av TAF-elevane på
HVS som jobbar hos Johansen Maritime, får vi opplyst.
Forskjellige oppgåver avslutta fredagen
Etter at ungdomskuleelevane hadde vitja alle romma på
HVS, fekk dei velje ei studieretning dei var spesielt interesserte
i. Elevar frå alle studieretningar på skulen hadde
tatt på seg å ta seg av ungdomsskuleelevane i
denne økta, og å gjere dette praktisk og interessant
for elevane.
Det såg ut til at alle elevane vi kika innom hadde ei
minnerik yrkesmesse, og Haram vidaregåande skule ser
fram til å sjå mange av dei som nye elevar på
skulen neste år.
Tilbake til:
Yrkesmessa ein suksess
i år og (Artikkel)
Yrkesmessa 2007
Hovudsida