Velkomen inn ...
- til Medium og kommunikasjon!
|
"Fotohjørnet"
|
Medium og kommunikasjon
hadde lagt seg i selen i år, og var godt
budd til å ta i mot gjestene sine. Dei informerte
dei frammøtte om lina si, og om kva framtidsutsikter
ein MK-elev kan sjå føre seg. Dei viste fram
produkt frå prosjektperiodane, både film,
bilete og avisartiklar, og demonstrerte i tillegg foto
og film i seansen. |
Informasjonen vart gitt av 1MK og 2MK i lag,
|
og ulike medier vart sjølvsagt nytta i foredraget.
|
På elektrolab'en var det ikkje mindre
aktivitet!
Som eit ledd i undervisninga på Vg2 EL klekkar
elevane ut løysingar for å masseprodusere
ulike ting maskinelt, og med elektronisk styring.
Utfordrande og veldig artig!
|
Popcorn vart poppa, vafler steikt.
Fikk dei til pannekake-steikinga og?
|
Popcorn!
Ver så god forsyn deg.
|
I tillegg vart ulike panel demonstrert og forklart.
|
10. klassingane følgde spente med medan maskineriet
gikk
på vaffelmaskina.
|

Ny vaffelplate klar!
Og vips, så var den og borte ...
|
Jo, dette var saker,
smilte gjestane før dei gjekk til neste stand.
|
I siste økta var nokre av 10.-klassingane
tilbake på lab'en,
og sjølve i gong med kopling!
|
Finarbeid er ikkje alltid like enkelt å få
til,
men det går bra med riktig verkty!
|
Rom
131 var og fylt til randen ...
Dette rommet husar både naturfag, kjemi og biologi
til dagleg,
men i dag fikk biologi- og kjemi-elevane boltre seg
fritt.
Kjemilærar Arvid Jenssen (midten) passa på
at kjemikarane
holdt styr på kjemikaliene.
|
Vooops ...
- kan hende fikk han og biologilærar Hanne Ski
ikkje med seg alt likevel.
Uansett, i faga kjemi og biologi trivst elevane ved
HVS!
|
Ææææ, kva er dette?!
Men guta smakte - for dette var hockey-pulver produsert
på lab'en.
|
Nytt ææææh -
|
men slikt overhøyrer ivrige biolog-spirar.
Disseksjon av hjarteslag er faktisk eit av årets
høgdepunkt.
|
Sjå her, slik fungerer lungene!
Kjenn kor glatte og fine dei er, demonstrerer Nina.
|
Her ligg tunga, og strupehodet har du her.
Og inn her går luftrøret, peiker Cathrine.
|
Dersom vi spretter opp luftrøyret finn vi
bruskringane
(som er meir forma som hestesko). Dei skal halde luftrøyret
utspend,
fortel dei vidare. Og snitter i veg.
|
Etterpå er det hjartet sin tur til å
bli inspisert.
|
| Fysikk
er langt frå kjedeleg!
Det er rett og slett eit veldig spennande fag, og kunnskapen
inngår i mykje meir av dagleglivet vårt
enn vi aner og trur.
Dette ville den kreative 3TAF-gjengen og faglæraren
deira, Arne Vågnes, få fram, og valde seg
ein heilt annan vri på demonstrasjonen av fysikkfaget
enn kva publikum kanskje hadde venta.
|
Rommet var rydda og smilande fysikkelevar benka
til bords med flasker.
Flasker som var nøye studert og matematisk analysert
...
Velkomen inn til "flaskebandet 3TAF"!
|
TAF-elevane spela "Don't worry - be happy"
med stort engasjement,
|
- medan Lisa, og frå 3TAF, song.
Kjempe stilig !!!
|
| |
Møre
Not
er ei bedrift som står trofaste på
standplass på Yrkesmessa ved HVS, og Lars Kaggerud
(t.v.) gjer ein god jobb der han
tar i mot dei unge. Med glimt i auga og litt nordnorsk
humor, presenterte han bedrifta og deira gjeremål
og utfordringar.
På dette rommet var og Fiskerifagleg opplæringskontor
for Nordre Sunnmøre på plass og informerte
om arbeidet sitt for dei unge
(bileta under). |
Møre Not viste fram ulike typer tau og fortalde
både om oppdrag
og produksjonsprosessane.
|
10. klassingane var med.
Kjekt med engasjert ungdom!
|
Her var det og råd å prøvesmake
litt!
|
Helse
og sosialfag, vg1 og vg2.
Oppe på rommet til 1HS var det fargerikt på
veggane,
med informasjon om klassen og kor dei er utplassert
i utebolkane
sin i det nye faget Prosjekt til fordjupning.
Men dei som hadde stand her i dag, var Nogva
Motorfabrikk og
Johansen Maritime. Også dei tok
godt i mot ungdommane som
kom puljevis på besøk. Det ser ein av smila
til gjestane.
|
Her, ja, her er representanten frå Johansen
Maritime
i full gong med sin presentasjon.
|

På naborommet var det Aker Brattvaag som
tok smilande i mot.
Velkomen inn til oss!
|
Vg2
Helsearbeidarfag er eit nyoppstarta tilbod ved HVS.
- Førebels er det ei lita gruppe som tar denne
utdanninga her på skulen,
men både skulen og vi håper mange av dykk
vel å gå denne vegen. Vi treng fleire dyktige
medarbeidarar innan helsesektoren, melder Haram kommune,
og representantane frå dei andre kommunane nikkar
samde.
- Fast sengepost på HVS -
Elevane på Vg2 HF er utplasserte ein dag per veke,
og får difor mykje praktisk opplæring på
arbeidsplassen. Men i undervisninga elles er det og
lagt inn mykje praktisk trening. Anten trener dei her
på klasserommet, eller så får dei
låne praksisrom nede på sjukeheimen i Brattvåg.
- Eit kjempefint tilbod frå Haram kommune, smiler
faglærar Ingegjerd Osvik.
|
Vg2 HF-gjengen på klasserommet sitt.
|
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
er og eit av dei nye tilboda av året på
HVS. Her er det fleire elevar, og dei ser og ut til
å trivast godt. Undervisningsinnhaldet er variert,
og det manglar ikkje på praktiske oppgåver
her heller. Vi nemner prosjektet "Brattvåg-spelet"
(elevane laga eit spel der ein samstundes får
orientert seg i Brattvåg sentrum), Nissefesten
kring 1. desember og juleverkstad for barnehagebarn.

Denne fredagen skulle bakteppet til dokketeateret
lagast.
Det fikk og 10. klassingane vere med å lage,
då dei kom inn i siste økta.
|
Samfunnsfag
- eit val innan studiespesialiserande utdanningsprogram.
Innan dette fagområdet finst det og fleire spennande
fag, og nokre av faga bringar deg ut i den store verda,
fortel elevane frå HVS.
I bakgrunn visast bildemontasjen frå sistgong
2IBD
var på ein vekes ekskursjon
til York i England.
Denne turen var gjennomført no i haust.
På eit av naboromma, meir presist på
språklab'en, vart språkfaga representerte.
Der fikk dei besøkande prøve seg på
både engelsk, fransk og tysk.
Skulen tilbyr og spanskopplæring frå og
med hausten -07.
|
Kjekt
på gangen!
Pause på gangen - utanfor Skulebiblioteket.
- Jo, vi har det bare bra, gliser denne gutegjengen.
|
Slikt hjelper på humøret! |
Det gjør overraskingar
i kantinedisken og!
|
I kantina
fikk alle 10. klassingane servert hamburgar og brus
ved lunsjtider av Gunn og hjelparane hennar for dagen.
Det vart stappande fullt, og stemninga særs god.
Ungdom trivst i flokk, og som" sild i tønne"
verkar det som.
|
Fleire
rom å besøke!
Faktisk fleire enn vi har fått bilete frå
...
Rolls-Royce Marine hadde
stor stand med mykje informasjon.
Dei tok og i mot ei elevgruppe på slutten av dagen,
som fikk prøve
seg på ei fysikkrelatert oppgåve.
|
Både
Rolls-Royce Marine og Aker Brattvaag støttar
elles aktivt opp om satsinga på realfagleg utdanning.
Dei er med og tilbyr eit utval elevar deltaking på
Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning, eit kursopplegg som
blant anna inneheld ei veke i England.
|
Verkstadavdelinga
ved HVS
HVS tilbyr og Vg1 Teknikk og industriell produksjon
(1TP) og Vg2 Produksjons- og industriteknikk (2PIN).
Her vert det og mykje praktisk arbeid på elevane,
noko dei likar særs godt. Hovudsakleg skjer opplæringa
inne i dei tre verkstadane på skulen, men både
på Vg1- og Vg2-nivå ligg det ei veke med
utplassering i bedrift.
|
1TP og 2PIN er tilrådd for alle som ynskjer
seg ein meir praktisk
opplagt skulekvardagen, meiner desse to karane. |