Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 

Du er her: Faglege turar > Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2001/2002


MOTIVASJONSKURS 2001/2002,
DEL 2 - ENGLAND.


Dato: 16. - 24.02.02.

Bakgrunn
For fjerde året har elevar med fagkombinasjonen 2FY-2MX ved Haram vidaregåande skule og Ulstein vidaregåande skule fått tilbod om "Motivasjonskurs for ingeniørutdanning" der The Smallpeice Thrust, ei stifting med hovudsete i Birmingham i England, er kursansvarleg.

Kurset går over 2 veker med ei veke i Norge først, seinare ei veke i England. Bedriftene i Brattvåg og Ulsteinvik er tungt inne både med omsyn til organisering og finansiering. Elevane vert valde ut mellom dei som vel matematikk og fysikk som linjefag ved skulane.


Deltakarane frå Haram vidaregåande skule og Ulstein vidaregåande skule.
Det fine huset er Smallpeice Trust sine vakre lokalar like ved Coventry


Englandsturen 2001/2002
Deltakarar frå Haram vgs dette året var;
- Thomas Longva, Stian Driveklepp, Håvard Alstadsæter, Svein Even , Marte Gangstad, Thomas Fjørtoft, Enis Maksumik og Anne Lene Langøy.

Frå Haram vgs var lektor Arne Vågnes med som reiseleiar. Paul Inge Røyset var med frå Ulstein vgs, medan Inger Anne Moltu (Ulstein Verft) representerte bedriftene. Turen varte frå laurdag 16.02.02 til søndag 24.02.02.


Nokre av Haramselevane i eit utstillingsområde på Jaguarfabrikken.
Fin bil, men ikkje akkurat siste modell!


Aktivitetar og program
Etter ein fridag med sightseeing og shopping i Stratford og Birmingham var gjengen klar for den seriøse delen av programmet på måndag morgon. Turen gjekk inn til Coventry der vi fekk ei fin guida omvisning på Jaguar bilfabrikk. Vi gjekk gjennom heile produksjonlinja frå eit karosseriskal til ein ferdig bil. Dette var handarbeid på høgt nivå! At bilen kostar pengar forstår vi godt. Etter bedriftsbesøket fekk vi tid til å sjå på Coventry som hadde eit interessant sentrum med mange tilbod.


Fasaden til Shakespeare sin barndomsheim
(1600-talet)



Dei mest interesserte lærarane og elevane i hagen
til Shakespeare sitt gamle hus



På tysdag stod ein ny bilfabrikk på programmet:
Peugeot, som englendarane uttala på ein svært underleg måte!

Her var opplegget heilt annleis. I staden for omvisning vart elevane vist inn i eit undervisinglokale der dei skule lage bilar av pappmodellar og selje vidare til kundar. Elevane vart delte inn i grupper som skulle konkurrere.Vinnarkriteriet var klart for alle: mest mogleg profitt! Prisen var avhengig av kvalitet, så lærarane fekk den vanskeleg oppgåva å sortere bilane.


Djup konsentrasjon med bygging av bilar. Kvaliteten ser bra ut…


Teori og praksis
Etter bilbygginga på Peugeotfabrikken følgde eit par dagar med teori og praksis i Smallpeice Trust sine lokale i Leamington ved Coventry. Her fekk elevane lære meir om Time Management, Project Management og Business Simulation. Interessante tema som vi ikkje møter så ofte i den vanleg skuledagen vår heime.

Gjennom heile kurset er det næringslivet sin tankegang , terminologi og ideologi som danner eit tydeleg bakteppe. Konkurranse som motivasjonsfaktor for læring er gjennomført på alle praktiske øvingar.

Torsdagskvelden var det tid for litt andre verdiar - elevane hadde teaterkveld i Shakespearesenteret i Stratford med stykket "A midsummer night`s dream", (Shakespeare sjølvsagt).
Vi må innrømme litt språklege problem denne kvelden, likevel ei interessant og annleis oppleving! Ein fin balanse mot dei andre delane av kurset.


Elevar frå Ulstein vgs


Warwick Castle
Fredag 22.02 var sett av til vitjing på Warwick Castle ein times biltur frå ungdomherberget. Med eigen guide fekk vi høyre om slottet/borga si historie gjennom tusen år frå William Erobreren til den gloriøse Viktorianske tida. Ein guide som vi vil hugse lenge! Utkledd, engasjert og oppglødd tok han oss med rundt. At vi var vikingar var eit moment som han kom attende til ved fleire høve. Turen vart avslutta med ein liten spasertur til sentrum av Warwick.


Bogemannen på Warwick castle.
(Han var så begeista for ei av jentene frå Ulstein vgs at han ville ha ho med heim)


Fotball!
Laurdag stod kun eit punkt på programmet: Ein ekte engelsk fotballkamp med trøkk og stemning, helst Premier Leage. Nic Erskine hadde jobba godt og skaffa oss billettar til kampem Leicester - Derby på Filbert Street i Leicester.

Det var skrekkeleg kaldt, men ei stor oppleving.
Vi vart plassert mellom heimelaget sine tilhengarar og fekk streng beskjed om å halde med Leicester! Etter kvart scora dessverre Derby tre mål medan Leicester ikkje fekk uttelling, så stemninga sank mange hakk på vår del av tribuna.
Likevel; - Gøy var det.


På fotballkamp


Retur til Noreg

Søndag returnerte vi til Brattvåg og Ulstein etter mange fine, morosame og lærerike dagar i England.


Les meir om:
- Motivasjonskurs for ingeniørutdanning ...
- Andre faglege turar ved HVS ...



Hovudsida