Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 


Haram vidaregåande skule - delegasjon til Europeisk Ungdomsparlament (EUP) i Torino, Italia

I november 2002 reiser 5 elevar frå Haram vidaregåande skule og 5 frå Melhus videregående skole til Torino for å representere Noreg på den Europeiske ungdomskonferansen (EUP). Kvar av skulane har med ein lærar som følgjer elevane.



Elevane førebur seg innanfor ulike tema som blir tatt opp på EUP. 19.oktober blir det ei fellessamling på Haram vidaregåande skule, for delegatane frå dei 2 skulane. På denne samlinga vil forsvaret vere representert for å gi innsikt i internasjonale forsvarspolitiske spørsmål.

Haram er kjent for sitt ekspansive næringsliv, der Haram vidaregåande skule på ulike måtar har hatt eit samarbeid med bedriftene. Desse har og eit godt nettverk og opparbeid seg ein omfattande internasjonal kompetanse. Representantar frå Haram vidaregåande skule til EUP, har fått garantiar frå næringslivet om å bruke deira internasjonale nettverk, så lenge elevane finn dette formålsteneleg. Haram vidaregåande skule ein del av Harams-modellen, som er eit samarbeid mellom skule, kommune og næringsliv. Prosjektet har fått både nasjonal og internasjonal anerkjenning, og har nettopp vore gjennom ei nyorganisering og revitalisering.

Kva for forventning har du til EUP og Torino?



Elevar:
Alice-Jeanette

Eg håper å få utrette noko i Torino, og at deltakarane har ei seriøs innstilling. Vidare at vi lærer noko som vi kan ta med vidare i livet. Det skal bli kjekt å bli kjent med nye spanande menneske og å få sjå ein del av Torino. Det hadde og vore kjekt med litt fritid som kan brukast fritt.

 

Bjørnar

Eg håper på å bli tatt på alvor og bli høyrd under komité arbeidet. At vi får varierte arbeidsoppgåver, og får bruke det vi har lært under førebuingstida. Vidare å få bu med ein ordentleg familie og å få smake på ny og spanande mat.

 

Heidi

Eg trur at dette vert kjempe spanandes. Spesielt interessant skal det verte å høyre kva ungdommar frå andre land meiner om aktuelle saker og problemstillingar.

 

Synnøve

Eg trur dette blir kjekt, og at det vert ei erfaring og oppleving som vi kjem til å lære mykje av

 

Erling
Eg gler meg til å reise. Eg håper dette vert ei god oppleving, der vi får møte nye menneske, kulturar og meiningar. Eg reknar med at det vert både utfordrandes og lærerikt.

Oddleif (lærar)

Eg håper at elevane får ei stor oppleving, og at vi får realisert det pedagogiske arbeidet vi har utvikla gjennom PILOT.

I førebuinga vil delegatane bruke mykje digitale hjelpemiddel for å lage til presentasjonar av nærmiljø og som hjelpemiddel for å bli kjent med det tema dei får ansvar for å sette seg inn i. Delegatane frå Haram vidaregåande skule vil og ta med nødvendig digitalt utstyr for å presentere sitt arbeid, dokumentere det som skjer i Torino, og å kommunisere tilbake til skulen.

Haram vidaregåande skule er og ein av 2 vidaregåande skular i Møre og Romsdal som er med i PILOT-satsinga, der pedagogisk bruk av IKT er sentralt. Når delegatane frå Haram vidaregåande skule er i Torino, vil dei bruke IKT til å informere og kommunisere med elevar frå Haram vidaregåande skule og eventuelt andre skular om sitt inntrykk frå Torino. Dette vil skulen vidareformidle og gjere tilgjengeleg for andre skular gjennom eiga heimeside og gjennom PILOT-systemet.