Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 


Artikkel frå Haramsnytt 7.september 2002:
Elevar frå Haram skal representere Norge i Italia

Haram vidaregåande skule dreg til Italia. Dei skal ikkje på klassetur, dei skal ikkje bade og sole seg og dei skal heller ikkje sjå på gamle, historiske bygningar. Dei fem elevane frå Haram kommune skal representere Norge ved Det Europeiske ungdomsparlamentet (EUP).

Ingrid Vestre Haram


Gruppa som reiser til Torino i november
Foto: Ingrid Vestre Haram , Haramsnytt


Frå 8. til 17. november møtast 300 ungdommar frå heile Europa for å diskutere politikk og utveksle tankar om ei felles framtid. Over 20 land er representerte. EUP vart stifta i 1987 og er ein ikkje-politisk organisasjon. Norge har delteke sidan 1995. I år reiser fem elevar frå Haram vidaregåande skule og fem elevar frå Melhus vidaregåande skule i Sør-Trøndelag. Dei 300 studentane blir delte inn i 15 komitear som skal arbeide med ulike problemstillingar. Spørsmål som: Korleis kan illegal innvandring og kriminalitet hindre utvikling av EU, og korleis kan fattigdom hindre globalisering er noko av det ungdommane skal diskutere. Her får elevane høve til å presantere dei meiningane dei står for.

Godt kvalifiserte elevar
Gjennom "teambuilding" og andre aktivitetar skal elevane bli trygge på kvarandre, og dei vil få unike erfaringar med internasjonalt samarbeid og forhandlingsteknikk. Elevane går andre og tredje året på vidaregåande og i tillegg til det vanlege skulearbeidet får elevane ei stor individuell oppgåve. Men lærar Oddleif Tolås, som skal fylje elevane, høyres ikkje bekymra ut: - Dei har eit veldig bra utgangspunkt, og er alle saman godt kvalifiserte for denne oppgava. Når elevane kjem til Torino blir dei spreide over dei ulike komiteane og innkvartert hjå vertsfamiliar. Euroconcert og Eurovillage er to faste postar der ungdommen blir kjende og får presantere sin kulturelle bakgrunn. I samarbeid med elevane frå Meløy skal elevane frå HVS lage ein nasjonalpresantasjon av Norge. Ulike instrument og norsk mat er noko av det dei planlegg å ta med seg nedover. -Eg trur dette blir veldig lærerikt, seier Alice Jeanette Vatnehol.

Internasjonal politikk
Dei fem ungdommane går allmenn studieretning, og denne gongen er det språkfag og samfunnsfagelevane som skal vise kva dei er gode for. - Vi har lese ei bok som heiter internasjonal politikk. Ellers følger vi med på nyheitene og les aviser for å få med oss det som skjer, fortel Synnøve Natland Lillebøe. Dei fem elevane både gler og gruar seg. Dei synest det er litt skummelt, men også utruleg gøy. Elevane som er med måtte søke skriftleg på engelsk eller fransk om å få vere med, etterpå måtte dei stille til eit intervju på engelsk. - Eg trur ikkje språk blir noko problem. Det er mange land som har mykje dårlegare språkundervisning en oss. Engelsk har vi hatt nestan sidan førsteklasse, seier Hedi Klokk. I februar tidlegare i år sendte dei inn søknaden og i april kom svaret. - Det var mange skular som søkte, så det er stor prestisje å komme med. Det er også kjekt at vi som ein liten skule med så få elevar kan hevde oss med større skular med langt høgare elevtal. No skal vi setje Haram på kartet, smiler Oddleif Tolås.

Politikk er ikkje berre for halvgamle menn i gråstripa dressar, det har i allfall dei fem samfunnsengasjerte elevane ved HVS bevist.