| |
Du er her: Faglege
turar
"FJELL FOR FOLK"
- ein tverrfagleg ekskursjon
til Fræneidet via Bud. |
|
Historikk
I geografi har HVS oftast vore på ein lokal ekskursjon og studert
landformer og kvartærgeologiske avsettingar i nærmiljøet rundt
skulen. Og det er masse spanande her! Men våren 2001 bestemte
vi oss for å finne ut kva Nordmøre hadde å by på innan geologi,
landformer og historie.
I tillegg søkte vi fysiske utfordringar, etter spurnad frå
elevane våre … Vi slo saman faga geografi,
historie og kroppsøving,
tok læreplan i geografi som utgangspunkt, slo saman to VKI-klassar
og 3 militærtelt, og endte opp med ein 3-dagars tur til Fræneidet
i Eide kommune.
Tema for turen var "FJELL FOR FOLK".
Målsettinga var å bruke naturen som lærebok og gi elevane
litt innsikt i kva berggrunn, landformer og avsettingar har
å seie for folk som bor og/eller ferdast i eit området.
Første gongen vi prøvde opplegget (våren -02), lå det an til
ei storoppleving. Bud møtte oss med skyfri himmel og blikkstille
hav. Dessverre for oss (?), slo det flotte vårveret om i løpet
av natta. Etter vekevis med sol og strålande blå himmel kom
regnet - regn for både april, mai og meir til, på ein gong.
Dermed ble grotteturen i Trollkyrkja noko amputert pga. det
raskt stigande vatnet i grotte-gangane, og friluftsdelen meir
utfordrande enn eigentleg planlagt …
Veret til tross, området hadde mykje å by på, så dette var ein
tur vi gjerne ville prøve oss på fleire gongar !
Ny vri i 2003.
Denne gongen lot vi vere å
reise innom Bud, og konsentrerte oss i staden om steinindustrien
i Eide og Fræna. Vi besøkte Hustad Marmor,
Naas Kalksteinbrudd og Nergaard Steinindustri før
vi forlot sivilisasjonen og slo leir...
|
|
Les meir og sjå
bilete frå denne turen
Eide 2004
Enda ein opplevingsrik tur til Fræna og Eide for allmennfagelevar
på VKI.
Sjå fleire
bilete - les utdrag frå elevrapportar
Faglege turar
Hovudsida
|
|