Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 

Du er her: Artiklar

Andre Torino-rapport

Første Torino-rapport
14.11.0

Teambuilding
Etter ei lang reise kom den veldig sjarmerande norske delegasjonen fram til Torino. Frå Torino vart vi frakta til Pracatinat, som ligg langt oppi fjella omlag to timar frå Torino.


Utsikt frå Pracatinat

Der vart vi innlosjerte på eit hotell som likna veldig på hotellet frå The Shinning.(Film av Stanley Kubric basert på roman av Stephen King) Laurdag og søndag gjekk med til teambuilding som bestod av rare, morosame og ofte bisarre leikar for å lære sine "medkomiteera" å kjenne samtidig som ein skulle lære å stole på kvarandre.
Maten bestod for det meste av pasta, det meste betyr forresten at alt bestod av pasta. Teambuildinga vart avslutta med ein presentasjon frå kvar av komiteane om enten emnet deira eller kva dei hadde lært under teambuilding.


Frå presentasjon teambuilding

Eurovillage

Etter å ha blitt frakta ned frå fjella vart vi sett av ved Palastampa, som forresten ligg ved Juventus sin stadion. Inne i Palastampa sette vi opp ein stand der vi hadde alskens godsaker. Laksen var spesielt populær, og Noreg vart, i EYP-avisa, erklært Europas kjøttspesialist med sin laks og spekemat. Fleire ville ha nissane og trolla på standen og ein person tok faktisk ein pakke fisk etter at Bjørnar beviste at han verkeleg ikkje kan et ord på italiensk. Svenskane må også nemnast for sitt store utval av godis, Ukraina for sitt øl laga av brød og Romania for sitt "Water of life" som i følgje sikre kjelder smaka som syre. På slutten framførte alle landa song eller dans frå sitt land. Noreg briljerte med sin "Per Spelmann" som seinare, nok ein gang i EYP-avisa, vart kjent som songen som "tok ned" stemninga. Heilt tilslutt møtte vi vertsfamiliane, som var hyggelige menneske.




Den norske standen


Den italienske standen

Komitearbeid og Torino
Torino er ein storby full av trafikk, menneske og enkelte plassar pen arkitektur. Og den norske delegasjonen har bestemt at offentleg transport er skit. Måndag starta med opningsseremonien, der presidenten for denne sesjonen måtte opne sesjonen to gongar på grunn av tre musikarar som spelte feil musikk.


Frå opningssermonien

Komitéarbeid har vore hardt, fritid er det lite av og diskusjonane er veldig intense ettersom at enkelte er svært interesserte. Under komitéarbeid har vi først ein "brainstorming" der vi seier alt vi synest er relevant for temaet, så skriv vi dei fem vi synst er viktigast, etter det samlar gruppa dei saman og sett dei saman i hovudgrupper. Deretter diskuterer vi hovudgruppene for å finne svaret til problemstillinga. Når vi føler vi har funne "løysinga", set vi den saman i punkt og bygger resolusjonen ut i frå dei punkta. Måndag og tysdag gjekk med til brainstorming, samansetting av grupper og litt diskusjon av hovudtema og seinare på dagen eit diskusjonspanel der ein snakka mest om turisme. I dag, onsdag, gjekk med til å diskutere ferdig, sette opp punkta og tilslutt lage resolusjonen som blir presentert for dei andre i morgon.




Komitearbeid

"Opplevingar"
Toaletta i Italia må berre nemnast, dei er stort sett høl i bakken med ein porselenskant. Det finst sjølvsagt nokken normale, men dei er spredt strategisk utover heile Italia. Bjørnar og Heidi viste sin ubestridelige intelligens ved å, under si jakt på ein "Bankomato" , prøve å åpne døra til minibanken ved å stikke minibankkortet inn i kortlesaren til døra, dvs ein sikkerheits-kortleser. Dette er berre nokre av dei mange opplevingane vi hadde, men å skrive dei alle ville tatt meir tid enn eg har.
Meir kjem seinare.

Med vennleg helsing Torino-gjengen, spesielt Bjørnar som satt oppe til langt på natt for å skrive ditta her.

Andre Torino-rapport