Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 

Du er her: Artiklar

Første Torino-rapport

Andre Torino-rapport

Torsdag 14.11.02
Torsdag I dag var vi på "rundtur" i Torino. Det hølja ned og det var iskaldt. Rundturen utvikla seg til ein "gjer kva du vil" tur, der nokre shoppa, nokre gjekk på kafé og enkelte faktisk for på rundtur.


La Mole Antonelliana

Bjørnar var veldig kontinental og gjekk frå kafé til kafé. Til saman vart det vel heile to kafear. Heidi og Synnøve gjekk "offisielt" seg vill, mens sannheita var at dei eigentlig forsov seg. Kor Alice Jeanette tok vegen veit berre ho og Erling var like mystisk. Etter ein "strålande" rundtur var det tid for lunsj hos "Pizzarito-Pastarito", som er Italias svar på McDonalds. Der fekk vi, overraskande originalt, pizza. Deretter for alle saman tilbake til Liceo "D'Azeglio" der vi fekk utlevert alle dei ferdige resolusjonane frå komiteane.Vi fekk også vite korleis vi skulle oppføre oss i "General Assembly" der vi skulle diskutere og vedta resolusjonar.

Seinare den kvelden vart det arrangert "Euroconcert" for alle delegatar med vertsfamiliar. Innslaga var mellom anna: Den irske delegasjonen med "She moved through the Fair", Norske Simen Ellingsen, Kristine Ekeberg og sveitsiske M.Carmenisch med "Girl from Ipanema"( som mottok ståande applaus) og Franziska Reisch og Ferdinand Eibl frå Tyskland med "Habanera from Carmen".
 
"Euroconcert"


Delegasjonsmiddag

Fredag 15-11.02
Første dag med "General Assembly". Dagen skulle starte tidlig, men for dei som stod opp tidlig, vart det ein skuffing. Starten vart sterkt forseinka og det tok ei god stund før vi kom i gang. Og for dokke som ikkje veit det - å stå opp tidleg for nokke ein ikkje trengte å stå opp tidlig for er ganske irriterande. Dei fleste av dei åtte første resolusjonane gjekk gjennom, men Marte frå Melhus sin komité fekk ikkje sin resolusjon om barnearbeid gjennom. Men det var først da Heidi sin komité ikkje fekk sin resolusjon om illegale immigrantar gjennom at begeret rann over. Ein nærmast frådane Heidi for som ein virvelvind gjennom heile bygget og dei fleste som stemde nei held stilt om det. Spesielt Bjørnar. Heldigvis vart Heidi gladare utover dagen, og utpå kvelden var ho glad som ei sol igjen.


Frå "General Assembly"

Men lat oss snakke mat. Dei fleste tenkjer vel at varm mat kvar dag i kantina må vere strålande. Vel - det gjeld ikkje i Italia. Når ein først slepp unna pastaen oppdagar ein att Italia ikkje er mykje til matland - til dømes ekle grillspyd med steinharde pølser og kjøt med meir flesk enn Dolly Dimples. Men i alt det ekle kan vi prise oss lukkeleg for poteta - mennesket sin beste venn. Det finst faktisk poteter i Italia og dei er slett ikkje så gale. Men eit tips heilt til slutt: Viss nokon tilbyr deg gratis kantinemat frå Italia, berre sei nei! Klok av skade inntok den norske delegasjonen ein betre middag på ein lokalt pizzeria som veldig originalt vart kalla "Mamma Mia". Det vart rett og slett ein italiensk arten, kva no enn det måtte bety. Erling følte seg litt utilpass i det Craig David tordna ut av høgtalaren på den massive tv-en som alltid finst i italienske restaurantar. I morgon er det siste dag med "General Assembly" og også dagen for "Farewell-party" som vi har sett mykjel. Søndag er det: HOME! SWEET HOME!

Heidi og Synnøve analyserer Italia
Trafikklys betyr nokke heilt anna i Italia enn i Noreg;
-Grøn mann: Pass deg!
-Oransje/gul man: Run Forrest! Run! (Ta frå filmen om Forrest Gump for dei som ikkje skjønte det)
- Raud man: Du er daud!

Å snakke ope om morsame og flaue hendingar er ein dårleg ide under EYP. Det hamnar som oftast i EYP- avisa - noko både Synnøve og Bjørnar har fått erfart. Detaljar kunne dessverre ikkje oppdrivast på dette tidspunktet. Heidi har slept unna ganske lett ved berre å bli omtala som den einaste som spela trombone. Nok ein gong var Alice Jeanette og Erling mystisk vekke frå det offentlege søkelyset.

Med venneleg helsing
Heidi, Erling, Bjørnar, Synnøve, Alice Jeanette og dei frå Trøndelag.

Første Torino-rapport