| |
Juleavslutning 2002
Klokka 09:00 fredag morgon ringte kyrkjeklokkene til julegudsteneste
i Brattvåg kyrkje. Snøen lava ned, som så
ofte før, mens elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande
strøymde til. Etter ei stemningsfull stund saman i kyrkja,
rusla elevane til kvar sin skule og ein sosial avslutning til
jul
Camilla og Bjørnar frå 2A ynskja alle velkomen
til juleavslutninga i kantina på HVS. Dei loste oss gjennom
eit variert og sjarmerande program med allsang, poesi, viser
og rock, bordleikar og mimekonkurransar. I
full fart før ferien - nokre bilde frå avslutninga
i kantina....
|
|