Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 


Artikkel frå Haramsnytt 14.01.03
Hjørdis Kristine Skaar
Entreprenørskap og internasjonalisering ved HVS

Frå hausten vil Haram vidaregåande skule få eit nytt og spanande studietilbod. International Business Development er kome i stand gjennom eit nært samarbeid mellom skulen, næringslivet og kommunen.

Haram vidaregåande skule (HVS) i Brattvåg står overfor store utfordringar i framtida. Difor har ei gruppe samansett av næringslivsfolk, kommunen og skulen i fleire månader jobba med å utvikle eit nytt og spanande prosjekt. Til hausten er det aktuelt å starte eit nytt tilbod, International Business Development (IBD). Hovudmålsetjinga er å auke elevane si interesse og kunnskap innan internasjonalisering og entreprenørskap.

I samband med dette vil Haram Næringslag i ettermiddag halde informasjonsmøte ved Haram vidaregåande skule.

Samarbeid skule næringsliv
I Haram er det lang og god tradisjon på samarbeid mellom skule og næringsliv. Det siste er studieretninga Tekniske og allmenne fag (TAF) har vore ein stor suksess, og det er difor all grunn til å utvikle samarbeidet vidare. Det vil tene både kommunen, skulen og næringslivet. For å gjere HVS attraktiv som utdanningsinstitusjon vil det på møtet bli lansert tankar og idear om den framtidige tilbodet ved skulen. Målet er å vekkje interesse og begeistring i næringslivet og mellom andre som møter opp, slik at dei vil vere med å utvikle tilbodet vidare. Mellom andre vil fylkesutdanningssjef Per Hoem, miljø- og næringssjef i fylket, Joralf Flataukan, representantar frå kunnskapsparken i Ålesund og SIVA vere med under møtet.

Store utfordringar
Etter at elevane fekk fritt skuleval, har mange elevar både frå Haram og Sandøy valt å gå på skule i byane. Dette har ført til at elevtalet ved Haram vidaregåande skule har minka. Skulen må konkurrere om elevane og faren for at skulen skal forsvinne frå Haram er ein realitet dersom ein ikkje utviklar attraktive studietilbod. Reduksjonen av elevar kan og føre til at fagmiljøet vert redusert og det kan bli vanskeleg å halde på og rekruttere fagfolk til skulen.
Å misse den vidaregåande skulen hadde vore eit stort tap for Haram, difor har ei gruppe av næringslivsfolk, kommunale og skulen gått i tenkjeboksen for å utvikle nye tilbod og auke breidda i tilbodet ved Haram vidaregåande skule, spesielt i studieretning allmenne fag.

Tek utfordringane på alvor
- Ideen kom frå Harams-modellen som har betydd mykje for utviklinga av studietilbodet. HVS vil presentere seg som ein skule som tek utfordringane på alvor, seier rådmann Eide til Haramsnytt. Han viser mellom anna til den tekniske og allmenne faglege lina ved skulen, som også er eit samarbeid mellom skule og næringsliv. Rektor ved HVS, Jøstein Taftø, forklarar at tilbodet blir innanfor vanleg allmennfagleg studieretning. Det første året ved tilbodet Internasjonal Business Development (IBD), har elevane stort sett same pensum som vanleg allmennfag. Forskjellen er to timar valfag i internasjonalisering. - Det er i hovudsak dei to siste åra fordjupinga skjer. I tillegg til utplassering i bedrifter vil det bli lagt vekt på nyttefag som etableringskunnskap, språk, kulturforståing og samkvem med ulike land og organisasjonar. Det vil også bli lagt stor vekt på internasjonalisering, som gir elevane eit internasjonalt og globalt perspektiv, fortel rektor Taftø.

Internasjonalisering
Stig Bjørkedal ved Rolls-Royce seier at grunnen til at næringslivet har engasjert seg er at både samfunnet og næringslivet er i stor endring. Internasjonal og global handel skjer ikkje berre dei større bedriftene men også i dei små. - Det er difor viktig å utdanne folk som er kome lenger i internasjonalisering enn for få år sidan. TAF lina har vore ein formidabel suksess og næringslivet vil vere med og vidareføre suksessen, seier Bjørkedal. Jan Petter Hagen meiner at det er spesielt viktig å auke rekrutteringa av medarbeidarar med internasjonal næringslivkompetanse. Johan Longvanes peiker på at dette gir elevane ei langt betre plattform. Samstundes får ein synleggjort kva kompetanse næringslivet har bruk for, som er allmennfagleg utdanning og yrkeskompetanse.

Nytt konsept
- Det nye tilbodet er eit heilt nytt konsept og forholda ligg svært godt til rette ved HVS. Liknande utdanning er til no berre å finne ved høgskulane. Vi vil flytte utdanning litt nedover i systemet. Opplæringa ved IBD- studiet går over tre år og er eit spanande prosjekt som vil starte til hausten, seier ein optimistisk Taftø. Ivar Roald legg til at internasjonaliseringa også kan bli retta mot bankar, handel og service. Han meiner at med dette tilbodet er det lagt til rette for elevane slik at dei kan få ei framtidsretta utdanning med fordjuping i næringsliv både lokalt og internasjonalt, og som kan gjere skulen til ein del av den regionale utviklarrollen. - Det nye tilbodet vil gjere sitt til at ungdommane får eit unikt tilbod som er viktig for skulen, men også for kommunen, næringslivet og heile samfunnet, avsluttar leiar i næringslaget og bedriftsleiar Johan Longvanes.

Denne gruppa har jobba intenst med å få eit godt innhald i det nye IBD-studiet.

 

Frå venstre; rådmann i Haram Jan Petter Eide, Jan Petter Hagen, verftsdirektør ved Søviknes Verft, Anne Tafjord Seth prosjektkoordinator i Haram kommune, med fokus på Harams-modellen, Stig Bjørkedal, plassjef ved Rolls-Royce Marine Brattvåg, Jøstein Taftø, rektor ved HVS, Ivar Roald, rådgjevar ved HVS, og leiar i Haram næringslag, Johan Longvanes.