Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Samarbeid skule, næringsliv
og kommune:
- Vil gi elevane internasjonal kompetanse
Frå Haramsnytt 17.01.03
Hjørdis Kristine Skaar
Stig Bjørkedal frå Rolls-Royce Marine
i Brattvåg fortalde om behovet for arbeidskraft
med internasjonal kompetanse. |
Det var stor interesse både frå næringslivet
og fylket for det nye studietilbodet om internasjonalisering
og entreprenørskap ved Haram vidaregåande
skule (HVS) då det vart presentert i auditoriet tysdag.
HVS ønskte å utvikle det suksessrike samarbeidet
med næringslivet som dei har hatt i samband med TAF
lina og gi ei opplæring som gir elevane eit internasjonalt
og globalt perspektiv.
Målet er gjere HVS til ein del av den regionale utviklar-rolla
og synleggjere moderne og framtidige arbeidsplassar for
dei unge.

Vel 30 interesserte personar hadde møtt opp
for å få informasjon om det nye tilbodet ved
HVS.
Må auke elevtalet
Jan Magne Helland og Ivar Roald frå HVS presiserte at TAF- lina var ein
suksess som vil styrke rekrutteringa av ingeniørar med yrkeskompetanse.
Med i denne ordninga er 18 bedrifter, dei fleste i Haram, men også i
Sandøy og andre omkringliggjande kommunar.
Neste skuleår er elevtalen nede på eit bunnivå og ein ventar
ei dramatisk nedgang i søknadene i 2003.
- Det er difor heilt nødvendig og gjere tiltak for å auke interessa
for skulen.
Dei konkrete måla for tilbodet er å gi elevane internasjonal kompetanse,
næringslivkompetanse samstundes med studiekompetanse, sa Helland og Roald
på informasjonsmøtet. Jan Petter Hagen frå Aker Brattvaag
og Stig Bjørkedal frå Rolls-Royce Marine informerte om bedriftene
og den internasjonale kompetansen som det vart meir og meir behov for i næringslivet.
om dei gode erfaringane. Begge var begge samde om at dette var vegen å gå.
Initiativet velkome
- Skulane som ikkje ligg i byane må gjere ein ekstra innsats for å få opp
elevtalet, sa fylkesutdanningssjef Per Hoem, og peika på at halvparten
av elevane frå det naturlege nedslagsfeltet til HVS har søkt på skule
andre stadar. Dette er mykje, og det nye tiltaket er grunnleggjande viktig
for å få opp elevtalet ved skulen. Undervisninga må bort
frå den gamle tenkjemåten der ein samlar 30 elevar og doserer i
45 minutt og så er det friminutt. Det å endre læringsprosessen
ut mot næringslivet er i høg grad framtidsretta.
Her er initiativet frå Haram hjarteleg velkome, sa Hoem.
Tidlegare på dagen var han på besøk i bedrifter som samarbeider
med skulen og var imponert over det han fekk sjå og høyre.
- No har eg vore her ein heil dag og endå er det ikkje nokon som har
spurt om pengar, men det kjem nok, sa fylkesutdanningssjef Hoem spøkefullt.
- HVS er ein pressa skule og eg trur fylkeskulekontoret må gå i
nærare samarbeid med næringsavdelinga. Dette er eit regionalt utviklingsarbeid,
og på ein eller annan måte vere med å bidra med meir enn
moralsk støtte, sa han.
- Vi var tenkt å bruke den asiatiske metode med langt forarbeid før
vi slo til, kom det kjapt frå leiar i Haram Næringslag Johan Longvanes.
Rette vegen
Anne Breiby frå Kunnskapsparken i Ålesund har fylgt Harams-modellen
over lang tid og sa at det nye studietilbodet var nok eit eksempel frå Haram
kommune om korleis ting skal gjerast. Kunnskapsparken vil gjerne samarbeide
vidare med innovasjonen «rugekassa» som Haram jobba med, sa Breiby.
Vilmar Æsøy frå Høgskulen i Ålesund var imponert
over HVS. Han kunne fortelje at dei ved Høgskulen har elevar som kjem
frå TAF-lina, og at det er svært motiverte elevar. Han ville også gi
honnør til bedriftene som var med på samarbeidet.
- Det er ikkje tvil om at prosjektbasert læring er bra sjølv om
det er meir ressurskrevjande. Dette er rette vegen og gå, slo Vilmar Æsøy
fast.
Positiv respons frå næringslivet
Johan Lognene ba også om respons frå næringslivsrepresentantar
som var til stades på informasjonsmøte. Fleire gav positive tilbakemelding
til skulen og arrangørane om at dette tykte den nye lina om internasjonalisering
og entreprenørskap var interessant og heilt nødvendig for næringslivet.
Aker Brattvaag, Rolls-Royce og Johansen Maritime gav klare signal på informasjonsmøte
at dette er noko det vil vere med på. Det ville også Kjell Norvoll
frå Nogva Motorfabrikk og Nils Arve Engeset frå MøreNot.
Dei var samd om at studietilbodet var svært spanande og heilt nødvendig.
Harams-modellen
Bakgrunnen for det nye tilbodet er kome i stand er Harams-modellen og at næringslivsrepresentantar
tok utfordringa frå HVS på alvor, sa rådmann Jan Petter Eide.
Han meinte at Harams-modellen var ein modell for eit lengre perspektiv om nytenking
og allianseskaping. Det er sett fokus på kompetanseutvikling og eit framtidsretta
næringsliv stimulerer til kunnskapsutvikling, sa Eide. Han peika på dei
forskjellige tiltaka til kompetanseutvikling i Haram som distriktsaktiv skule,
næringsliv i skulen, yrkes- og utdanningsmessa og Tekniske allmennfagleg
line (TAF).
Han meinte det nye tilbode vil vere med på å gi næringslivet
etterspurd kompetanse, hindre fråflytting, gjer Haram kommune til ei
konkurransedyktig «utkantkommune».
- Ikkje minst har det stor betydning at ein kan behalde Haram vidaregåande
skule og gi dei unge kompetanse for framtida, sa rådmann Jan Petter Eide.
|
|
|