| |
Du er her: Artiklar
Flytter klasserommet ut i verda
Frå Sunnmørsposten 28.01.03
Johan Behrentz
Mange av elevane ved Haram vidaregåande er allereie godt
internasjonalt orientert, men næringslivet ser fram til å
få ei ny internasjonal line med vekt på handel. Foran frå
venstre: Therese Helland, Susanne Snipsøyr og Beate Osvik.
Bak: Alice Jeanette Vatnehol, Johan Longvanes (Haram Næringslag),
Jan Petter Hagen (Søviknes verft), Stig Bjørkedal (Rolls-Royce),
Ivar Roald ( Haram vidaregåande) Anne Margrethe Søviknes og
Gro Mari Silseth.
Brattvåg: Tunge industrilokomotiv i Haram bringer skulen ut
i verda. Elevar ved Haram vidaregåande skule skal lære seg
internasjonal samhandling.
Dei som ønskjer å bli noko i livet, må orientere seg om utviklinga
på den internasjonale arenaen. Vi må lære oss samhandel med
utlandet for å berge arbeidsplassar her heime, seier næringslivstoppar
i Haram til Sunnmørsposten. Dei har store forventningar til
det nye business-faget ved skulen.
Hjelpe mindre verksemder
Dei store verksemdene, særleg Rolls-Royce og Aker yards har
orkesterplass til trender og utvikling innan sine felt rundt
om i verda. Sidan midten av 1980-åra har det gått føre seg
eit samarbeid mellom næringslivet og skulen. Det var difor
naturleg for verksemdene å vidareføre dette ved å dele noko
av kunnskapen sin om marknaden ute i verda. Etter månader
med førebuing, vart det nye internasjonale faget lansert like
etter nyttår. No fell detaljane på plass, og både leiinga
ved skulen og næringslivet store forventningar til det nye
faget.
Vi har ein skog av mindre og mellomstore verksemder i Haram.
Dersom dei skal overleve i framtida må dei operere på den
internasjonale arenaen. Det gjeld både kontakt med kundar
og innkjøp. Små verksemder har i dag ikkje ressursar til dette
åleine. Vona er difor at vi med tida kan få attende leiarar
som kan tilføre verksemdene den naudsynte kompetansen på dette
området, seier leiaren i Haram Næringslag, Johan Longvanes
til Sunnmørsposten. Han ser mørkt på framtida dersom det ikkje
skjer.
Konkurranse om fag
Elevar frå Haram og kommunar rundt kan frå i vår av søkje
på grunnkurset til det nye allmennfaget. Skal dei henge med
dei to neste åra, må dei konkurrere med karakterar. På den
nye internasjonale lina vil ein få lære korleis ein kan starte
og drive si eiga verksemd. Ein vil få innblikk i korleis ein
oppfører seg overfor kundar og samarbeidspartnerar, anten
dei bur i Asia eller i England. Dei vil også få ein tur til
utlandet som ein del av undervisninga. Haram vidaregåande
skule etablerte for få år sidan ei TAF-line, ei allmennline
med vekt på ingeniørfag. Denne line har vore svært populær.
Vona er at tilbodet vil gi dyktige ingeniørar og arbeidarar
attende til næringslivet i Haram. Ei gruppe på 12 elevar følgjer
VK1- og VK2-kursa i dette allmennfaget og Ivar Roald ved Haram
vidaregåande skule reknar med at den internasjonale line vil
ha om lag tilsvarande elevtal.
Elevar som har gått TAF-lina er meir medvitne om kva veg dei
vel vidare enn andre elevar. Vi vonar at dette også kan bli
resultatet av det nye studietilbodet, seier Roald.
Raske endringar
Plassjef Stig Bjørkedal ved Rolls-Royce i Brattvåg seier til
Sunnmørsposten at endringane på den internasjonale arenaen
skjer raskare enn ein klarar å snu seg. Både leverandørar
og kundar er stadig i endring.
Vi ser at skipsbygginga i aukande grad flyttar seg. Vi må
stadig snu oss rundt. Vi ønskjer å dele kunnskapane om marknaden
med elevane, slik at dei skal ta dei rette vala for vår framtid,
seier Stig Bjørkedal. Rolls-Royce har verksemd i ti land,
noko som setter ekstra krav til rask omsnuing.
Skulen er den viktigaste læringsarenaen, og det er viktig
at ein får forståing og kompetanse om internasjonale tilhøve
så tidleg som råd er. Målet er å behalde arbeidsplassane i
Norge. Vi må gjere oss konkurransedyktig i ein stor verdsmarknad,
seier Bjørkedal. Det same seier kollegaen i Aker Yards, Jan
Petter Hagen frå Søviknes verft. Han vonar at elevane får
ei forståing for kva krefter som påverkar næringslivet.
Felles arena
Haram kommune har lenge hatt eit nært samarbeid med næringslivet,
og dette samarbeidet blir vidareført i utforminga av det nye
faget ved Haram vidaregåande skule. Rådmann Jan Petter Eide
ser for seg det han kallar eit "innovasjonsstudio" ved Haram
vidaregåande skule, der kompetanse kan flyte båe vegar, til
og frå næringslivet.
Det kan verte ein ny møtestad der grensene mellom skule og
næringsliv blir oppheva. Også offentlege tilsette vil kunne
ha nytte av denne møtestaden, seier Eide, som håper at det
nye breibandet som etter kvart blir bygd opp i kommunen kan
nyttast for å bringe dei ulike aktørane saman.
Spennande i utlandet
Frå Sunnmørsposten 28.01.03
Johan Behrentz
Dei orienterer seg ut i verda, jentene ved Haram vidaregåande
skule. Nokre av dei har vore utvekslingsstudentar. Andre har
representert Norge i internasjonale fora.
Det er kjekt å bli kjent med framande kulturar. Eg har lyst
til å studere i utlandet, seier Anna Beate Osvik, som har
bak seg eit opphald i Sør-Afrika. Alice Jeanette Vatnehol
har vore i Italia saman med det Europeiske ungdomsparlamentet.
Therese Helland skal representere skulen på en ingeniørkonferanse
i England, medan Susanne Snipsøyr har vore eit år i USA.
Det gav meirsmak, seier dei aktive jentene, som vil ut i verda
etter skulegangen i Haram.
Men vi ønskjer å reise heim når vi skal etablere oss. Når
vi har vore i utlandet ei stund, må vi heim til kjøttkakene
hennar mor, seier jentene og smiler.
|
|