Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 
Frå Haramsnytt 28.01.03
Hilde Stokke

Ungdom med eiga konsulentbedrift

Seks elevar ved Haram vidaregåande skule (HVS) har bedriftsøkonomi vk1,
som eit av sine fag. For å få betre kunnskap om den praktiske delen har
dei starta eiga bedrift. Der lærar dei om oppstart, drift og avvikling.
Elevane synest det er lærerikt, og eit svært godt alternativ til
tavleundervising.

Tenestene som konsulentbedrifta Youth Consulting kan tilby er IKT
(informasjon/kommunikasjon/teknologi) retta, med websider, websider med
flash, og Power Point presentasjon. Promoteringsfilmar for bedrifter,
og i kveld skal den første kinokvelden i auditoriet ved HVS gå av stabelen.
 

Tilsette i ungdomsbedrifta er dagleg leiar Kristina Løken, Brattvåg.
Marknadsjef Line Kristin Frostad, Helland. Økonomisjef Ingvild Solvang,
Midsund.
Salssjef Daniel Brusdal, Gamlem.
Kontorsjef/personalsjef Birgitte Sundnes, Brattvåg.
Produktsjef/miljøsjef (Webmaster) Adrian Volstad, Søvika.

Vi fungerer svært godt saman og er ei utruleg bra gruppe, seier
Kristina Løken.

Produkta våre er kvalitetsikra, og vi har kontakt med profesjonelle
innan data. Om nokon ønskjer å få laga si eiga webside er det berre å
ta kontakt, seier Line Kristin Frostad.

Kunnskap for livet
Ideen bak dette?
-Det var i grunn læraren vår Jan Magne Helland som gav oss ideen, og vi
byrja å planleggje tidleg. To månader tok det å få alt på plass, fortel Kristina Løken.

Vi er også den første elevbedrifta ved HVS.
Ved å starte ei bedrift så opplever ein korleis det fungerer i virkeligheita, fortel Line Kristin Frostad.
Vi må føre budsjett, knyte det opp til noko ein driv. Det blir meir interessant enn tavleundervisning, og vi får kunnskap for livet. Fem veketimer går med til bedriftsarbeide, ein del av fritimane til dei tilsette i bedrifta blir også brukt, for det er eit krevjande arbeide.
Når vi er på bedriftsbesøk så er ønsket vårt å bli behandla som vaksne med eiga bedrift, og det blir vi. På den måten får vi også eit innblikk i dei vaksne si verd og lære oss å takle problem undervegs, seier Line Kristin Frostad.

Nokre av oss i bedrifta har mediafag, og vi kan bruke kunnskapen vår i
presentasjonen av bedrifter, fortel Kristina Løken. Bedrifta skal lage ein presentasjon av Aker Brattvaag og Rolls-Royce, retta mest mot ungdom.

Den presentasjonen arbeider vi med alle sammen. Vi har også sendt ut
reklamemateriell til fleire mindre bedrifter, men har ikkje fått respons
frå dei enno, fortel Kristina Løken. Fordelen er også at elevane har tilgang til godt datatutstyr og videokamera ved skulen, og slepp utgifter som straum, husleige og telefon. Eige kontor er etablert der Haram Nærradio hadde sine lokale for nokre
å r sidan. Studioet er blitt møterom.

Tilbod om kinokveldar
Auditoriet ved HVS har 140 sitjeplassar, og der skal ungdomsbedrifta satse på kinokveldar. Den første filmen skal framsynast i kveld, og aldersgrensa er 15 år.

Vi tok ei marknadsundersøking om kva slags filmar som kunne vere aktuelle, og vi fekk ein peikepinn på det, fortel Line Kristin Frostad.

Vi skal prøve oss fram, fortel Kristina Løken, både med filmar og
aldersgrense. DVD filmane kjøper dei over internett gjennom eit seriøst firma.
Jan Magne Helland ser til at vi held oss innanfor lovverket, fortel Kristina Løken.

Vi stiller også krav til oss sjølve om å presentere ei seriøs bedrift, der kundane får ei godt inntrykk, kanskje med kontaktar for framtida. Ungdomsbedrifta kan tene 140.000 kroner i løpet av skuleåret, og dei tilsette i bedrifta kan bestemme om dei skal ta ut løn, eller om det skal fordelast likt mellom alle. Kanskje til ein felles tur. I slutten av mai skal ungdomsbedrifta avviklast, då skal jentene også
avslutte sine tre år ved skulen, medan dei to karane har eit år igjen. Kanskje dei kan stille opp som konsulentar for ei eventuell ny bedrift ved neste skuleår.
Youth Consulting hadde og eiga heimeside, men denne blei lagt ned samstundes som bedrifta vart avvikla.

Elevbedrift skisse
Youth Consulting er bedrifta med slagorda:
« Ung og smart aldri lat» og
« Ingen foran ingen ved siden».