| |
Korleis gjere HVS meir attraktiv? Russeavisa har løysinga:
Bygg aktivitetspark!
Av Ingrid Klokk
Haram vidaregåande skule har i mange år
hatt nedgang i søkartala. Det har blitt hevda at årsaka
til dette er at ungdommen søkjer seg til meir urbane
strøk.
Elevar ved skulen er ikkje samde i dette, og meiner løysinga
er å oppgradere uteområdet. Byskulane kjem til
å verte nedlagde når HVS får ein aktivitetspark
rundt skulen!
Elevane på HVS har lite å ta seg til med i friminutta
og i fritimane. Har ein ikkje interesse av å inhalere
CO2, nikotin, tjære og anna styggedom i røykekråa,
blir dei fleste sitjande inne framfor datamaskinene, sjølv
kor fint vêr det er. HVS har tidlegare prøvd
å lokke til seg nye elevar med å skryte av sitt
fantastiske datautstyr, utan at det har blitt særleg
vekst i søkjartala. No tenkjer du kanskje: ”Men
dette kan då ikkje stemme! Eg las då i Haramsnytt
at det var oversøkjing til skulen i år?!”
Du har rett i det, men det som ikkje har kome fram, er at
det
vart lagt ned ei allmennklasse med 28 elevplassar i fjor!
Men det var ikkje utdanningspolitikk denne artikkelen skulle
handle om, så tilbake til saka.
Altså: Vi meiner at det som skal til for å
få fleire søkjarar, er ei formidabel oppgradering
av uteområdet. HVS sitt lokkemiddel, data, er rett og
slett ein trussel mot den nasjonale folkehelsa. Ungdom treng
aktivitet og frisk luft når dei ikkje sit henslengt
på uergonomiske pultar! Difor bør det byggjast
ein aktivitetspark ved skulen. Då kjem nok elevar strøymande
frå både fjern og nær…
Skøytebane
Området til HVS har stort potensiale til forbetring.
Frå 1. august 03 skal alle vidaregåande skular
i landet verte røykfrie, Haram vgs er ikkje noko unntak.
Då vert eit delvis overbygd område ståandes
ubrukt. Ved å forlenge taket og å installere frysekablar
i bakken, vil skulen få ei flott, heilårs skøytebane.
Her kan
ungdommane utfolde seg med kunstløp, isdans, ishockey,
isfiske, eller kva dei måtte ønskje.
Curling
Curling er ein idrett i sterk framvekst. Denne idretten
foregår vanlegvis på is, men
”Røykekråa Isarena” vert nok for
liten for denne populære aktiviteten. Derimot er det
fleire lange korridorar på HVS som utpeikar seg som
ypperlege til dette føremålet. Den såkalla
”maskergangen” i nybygget er truleg mest aktuell.
Å få til ei curlingbane her vil heller ikkje koste
mykje. Det einaste som skal til er at vaskedamene er litt
meir spandable med bonevoksen. Som steinar kan ein nytte gamle
skulebøker, og kostar er det tilbod på på
Båt og Fritid.
Tarzanløype i skogen
Like bak skulen ligg eit flott, ubrukt skogsområde.
Her ser vi for oss ei tarzanløype med løpestrengar,
slenger, fjellklatring, balansering og mykje meir. Enkelte
elevar har allereie byrja på opparbeidinga av denne
løypa med å brøyte ned tre med personbilar…
I same område kunne ein hatt hoppeborg, rampoliner,
sandkasse, dissestativ og diverse leikeapparat. Ein kunne
også bygd ei go-kart
bane, samt ei trial-løype, slik at moped-rånarane
(maskerane) ved skulen fekk litt meir spenning enn å
køyre på gangvegen opp Skaret.
Frå vasstårn til mummihus
Det grå vasstårnet som står og ruvar i terrenget
like ved skulen, er ikkje direkte vakkert. Med litt måling
og ymse vindauge og dører ville dette bli heilt identisk
med mummihuset kjend frå ”Mummitrollet”
på Barne-TV. Det ville ikkje berre gjere nærområdet
vakrare, men også føre til storinvasjon av turistar
til Haram. Dessutan ville vi vere med på å bevare
vegetasjonen i Finland. Finland blir jo
nærast nedtrakka av folk som skal vitje Mummiland. Brattvåg
Vassverk burde også gje HVS rett til å disponere
vassrøret som går frå tårnet og ned
til sentrum. Dette ville bli ei utmerka vass-sklie. Elevane
ville då også sleppt å gå ned den
ekstremt bratte råsa like ved, og på den måten
også spart vegetasjonen i Haram
for unødig slitasje. Det er ikkje store investeringane
som skal til for å gjere
Haram vidaregåande skule meir attraktiv. Både
befolkninga, handelsstanden og det lokale næringslivet
bør kunne bidra til finansieringa av dette. Vi oppmodar
Haramsnytt til å setje i gang kronerulling!
Det grå vasstårnet er ikkje akkurat eit vakkert
landemerke der det står og ruvar i terrenget ved skulen.
Med litt måling og ymse vindauge og dører, blir
vasstårnet heilt identisk med mummihuset (innfelt).
Tilbake til Russ - 03
|
|