| |
Overskotet frå russeavisa går til:
Kreftpoliklinikken ved Ålesund Sjukehus
Av Jeanette Lausund
Då vi i mars i år tok avgjerda om kven som skulle
få overskotet av russeavisa, fall valet på kreftsaka.
Då vi tykte dette vart ei litt for generelt formål,
bestemte vi oss for å gje pengane til det nye kreftbygget
som er under bygging i Ålesund. Planen var å ta
turen for både intervju og for å sikre oss eit par
bilete, men tida rann fort ut, og ein Ålesundstur måtte
bytast ut med ein telefonsamtale. Dagen før deadline
tok journalisten mot til seg å prøvde seg fram
med å ringje oversjukepleiar
ved Ålesund Sjukehus, Helge Ristesund, for å høyre
om han hadde noko å
seie om saka.
”Det var kjekt å høyre”, sa ein munter
Ristesund då vi kunne fortelje at det nye kreftbygget
skulle få overskotet av russeavisa i Haram. Han kunne
fortelje at han var travelt oppteken med å pakke koffert
til eit reisemål i helga, men at han
gladeleg kunne ta seg tid til eit par spørsmål.
Bygget vil stå ferdig i oktober i år, og vil vera
plassert i området aust for Psykiatrisk Poliklinikk. Bygget
skal innehalde ein stråleterapidel med to strålemaskiner,
samt ein kreftpoliklinikk for cellegiftbehandling i tillegg
til ein sengepost med 24 senger. Dette vil vera eit behandlingstilbod
for dei mest vanlege krefttypane, medan dei meir kompliserte
kreftformane må takast i Trondheim. Utanom desse 24 romma,
vert det å finne 15 sokalla hotellrom, som er meint for
anten friskare pasientar eller pårørande.
Her vil alle fasilitetar vere lagt til rette. Flotte rom med
eige WC med dusj og liknande, TV, og elles det som trengst.
Når hotellrom no vert å finne, er det lettare for
den pårørande familien å vera tilstades i
ei tung tid for pasienten.
Fleire slike hotellrom er teikna med på planen, men dette
er noko som vil koma på sikt, fortel han. Vidare fortel
Ristesund at det er veldig mange som har meldt si interesse
om å jobbe der, og at det er eit breitt utval av alle
yrkesgrupper.
Jobbsøkjarane dei manglar, er generelle kreftspesialistar.
Avslutningsvis seier
Ristesund at både han og andre set veldig stor pris på
pengane dei seinare har i
vente, og håper på ein god sum. Han legg til at
sjølv om mykje pengar er løyvd til
dette kreftbyggprosjektet, står det likevel att ein del
som skal til for å få prikken over i’en, då
han nemner utsmykkinga inne som ein viktig del. 40 % av oss
vil ein gong bli råka av kreft, noko som fører
til at heile 2 av 3 vil verte pårørande. Dette
er ei skremande utvikling, og det seier seg sjølv at
kreftsaka treng all den form for stønad den kan få.
Difor vil vi no takke alle dei som har kjøpt avisa, og
som har vore med på å støtta ei naudsynt
og god sak!
Her vert fyrste spade stukken i jorda, og fyrste steg
til kreftbygget er i gong
Tilbake
til Russ - 03
|
|