Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Frå pub til pub i Haram
Av: Fride Skarbø og Ingrid Klokk
På laurdagskveldar fyk ungdommar flest til byen for å
ha det gøy, for ”i Haram finn du berre leigearbeidarar
og oldisa på uteplassane”. Er desse rykta verkeleg
sanne? Her er ein avslørande rapport.
Det var ein heilt vanleg laurdagskveld ein gong i oktober. Utanfor
vindauget storma det som verst, og inne sat det to jenter og
kjeda seg. Dei hadde akkurat konsumert minst ein pakke potetgull
og konkludert med at filmen ”Bubble Boy”
har ein knalltøff slutt-trudelutt. Men det er grenser
for kor mange gangar du kan sjå rulleteksten, og dei følte
behovet for å finne på noko nytt og spanande. Oss
stikk på ”Kørva” og ser om der e nokken
kjentfolk da! sa den eine. Den andre syntest med ein gong dette
var ein god idé, og dei trossa veret og gjekk dei få
metrane ut i bilen.
På korvetten
Med stort håp og godt mot, gjekk dei inn på den
berømte utestaden Korvetten, også kjent som ”Kørva”.
Dei to jentene hadde forventa seg yrande liv og hæla i
taket, men dog nei. Inne vart dei sjokka av synet av 5 ytterst
tvilsame leigearbeidarar ved kvart sitt bord. Dei stygge blikka
gjennom halvlitersglasa
kunne fått sjølv den tøffaste tøffing
til å skjelve i buksene.

Jentene var mildt sagt sjokkert over kva
slags folk som befann seg på ”Kørva”.
|
Jentene følte at dette ikkje var heilt rette plassen
for dei.
- Kanskje alle er på Bruket? undrast dei. Dei la difor
ut på vandring gjennom den ytterst skumle Miljøgata.
Mystisk mumling
Vel framme på Bruket, som på den tid heitte In Resturant,
kunne dei raskt konkludere at denne staden var fri for leigearbeidarar.
Men der var heller
ingen andre… Rundt baren sat det berre 3 eigarar, som
ikkje verka så alt for interessert i å få
gjestar. Dei såg knappast opp frå ølglasa
sine, og mumla noko på eit språk jentene ikkje kunne
tyde. Dei trekte seg stille og roleg ut frå
denne lugubre ”bula”, og returnerte til bilen. Etter
ei kort tenkepause bestemte jentene seg for å søkje
lykka andre stadar i Haram. Neste stopp var Stians
pub i Søvik.
”Oldisa”
Etter å ha gått gjennom ein kiosk, kom dei inn i
eit røykfylt og skymt lokale. Inn
mellom all røyken, kunne dei skimte i alle fall seks
kroppar. Etter nokre sekund fekk desse vesena også auge
på jentene, og kom med tilrop og hoying.
”Ey!! Jenter! Kom hit å sett dokke då!”
ropte den eine av 50-åringane. Dette skremte jentene,
og dei beina strake vegen ut gjennom kiosken igjen.
Trygt inne i bilen, byrja dei å gruble på kor dei
andre utestadane i Haram låg. Det var ikkje fleire på
fastlandet, og til øyane kom dei seg ikkje, for siste
ferja gjekk kl 22.00!! Dermed var det ikkje anna å gjere
enn å reise heimatt for å sjå meir på
film…
Påstanden verifisert
Denne lille rundreisa har dessverre bevist at påstandane
om at det berre er leigearbeidarar og gamlingar på utestadane
faktisk stemmer. Det er sterkt beklageleg at pubane på
øyane ikkje er representerte i undersøkinga, men
dette blir teke att når Nordøyvegen ein gong kjem.
Men stemmer rykta, er det same klientellet som befinn seg der
òg…
Tilbake
til Russ -03
|
|
|