| |
Mot
avslutting for PILOT
Prosjekt; Innovasjon i Læring, Organisering og Teknologi
(PILOT) går no mot slutten, og blir offisielt avslutta
no i vår. Prosjektet er eit av dei mest omfattande IKT-
prosjekta som har vore gjennomført i Noreg og det har
vart i 4 år. Eit hovudmoment for skulane som har vore
med i prosjektet, er å utnytte og vidareutvikle dei
moglegheitene IKT opnar for innafor rammene i læreplanverket.
Utfordringane har vore knytt til både organisering av
tid og rom, samarbeidsrelasjonar, infrastruktur og tilrettelegging
av lærestoff og aktivitetar. Korleis IKT har virka inn
på den enkelte si læring, læringsformer
og organisering av opplæringa, er sentrale spørsmål
som det er vesentleg å utvikle dokumenterte kunnskapar
om.
Den siste arbeidssamlinga for PILOT i fylke, blei avvikla
på Union i Geiranger 13. – 14. mai. På denne
samlinga deltok Angela Kreher (LS), som er prosjektleiar i
PILOT på nasjonalt plan. Deltakarskulane i PILOT frå
Møre og Romsdal, fekk overrekt diplom underskriven
av Utdanning og forsknings-ministeren.
|
|