| |
Du er her: Artiklar
Motivasjonskurs 2002/2003
Program kursdel 1
Tysdag 12.november
kl. 06:50 Avreise frå Brattvåg til Ålesund
kl. 08:30 Hurtigbåt til Hareid (transport vidare
er ordna)
kl. 09:30 Velkomen, Aktivitetshuset i Ulsteinvik
kl. 10:00- 16:30 Arbeidsøkt
|
|
Onsdag 13. november
kl.09-13 Arbeidsøkt, inkl. prosjekt, samt omvisning
og lunch på Ulsteinverft
kl.13-17 Arbeidsøkt inkl. prosjekt og museumsbesøk
Torsdag 14. november
kl.08:30 Avreise frå Ulsteinvik
kl.10-11 Høgskulen i Ålesund
kl.12-17 Arbeidsøkt med fokus på presentasjon
Fredag 15. november
kl.08-12:30 Bedriftsbesøk til Aker Brattvaag og
Rolls Royse Deck Machinery
kl.12:30-15 Avsluttande prosjekt. Heimreise. |
Samandrag frå kurset i Ulsteinvik
- Brattvåg, 12.-15.11.02
| |
 |
|
| |
Kursdeltakarane
2002/2003 |
|
Dei to første dagane av kurset var vi i Ulsteinvik. Dit
kom oss tidleg på tysdagen. Nokre av oss tidlegare enn
andre... (Da siktar eg til den fantastiske flausa til Terese,
som presterte å komme for seint til hurtigbåten
til Ulsteinvik).
I Ulsteinvik vart vi godt mottatt av Ingebjørg Rønning,
Inger Anne Moltu og Knut Johan Rønningen. Dei gav oss
presentasjonar av Ulstein-bedriftene som står bak kurset.
Deretter var det omvisning på bedriftene for at vi skulle
få eit innblikk i kva dei gjer. Vi fekk og møte
nokre som jobbar på desse bedriftene, og dei fortalde
om jobbane sine, og kva oppgåver dei hadde.
Kursleiaren vår, Nic Erskine ( frå stiftinga ”The
Smallpeice Trust” i England) lærte oss om ”Creativity
in Design” og ”Teambuilding”. Vi vart oppdelt
i grupper for å lære å samarbeide og tenke
kreativt. Vi fekk forskjellige praktiske prosjekt der vi skulle
designe og bygge konstruksjonar av det materialet vi fekk utlevert.
Det var utruleg kjekt å få bruke fantasien og kunnskapen
vår på denne måten, og sjå produkta
som kom ut av samarbeidet i gruppene. Produkta våre vart
vurdert ut fra utsjåande, kreativitet, bruk av materiala
vi fekk utlevert og korleis produkta våre fungerte i høve
til krava. Kvart prosjekt var ei intern konkurranse mellom gruppene,
og etter kvart prosjekt fekk vinnarane ein liten premie.
På ettermiddagane og kveldane hadde vi det VELDIG
artig saman med elevane frå Ulstein vgs. Vi gjekk oss
turar i ”Ulsteinvik City” og spelte kort og åt
pizza og godteri. Ein av kveldane var det til og med eit lynkurs
i swing der Jon Magnus fekk lære seg den forførande
kunsten…
Dei to siste dagane av kurset vart haldne i Brattvågen,
men først var vi ein tur innom Høgskulen
i Ålesund. Der fekk vi vite kva muligheiter vi hadde
til å utdanne oss som ingeniørar der. Vi fekk
og prøve simulatoren der vi skulle styre ein båt.
Det var ein veldig rar oppleving fordi alt var så ekte.
Enkelte vart til og med litt ”båtsjuke”.
| |
|
|
| |
Alle 16 er klare
for ei ny arbeidsøkt, denne gongen på Haram
vgs. |
|
I Brattvågen haldt vi til på HVS. Der lærte
Nic oss om å halde foredrag, og om dei forskjellige rollene
vi har i ei gruppe. Vi hadde også eit prosjekt der vi
laga ”egg bombs”. Det var eit fole prosjekt der
vi skulle få eit egg til lande uten å knuse når
ein slapp det ned ein heil etasje (3,5 m, og det var visst litt
for låg høgd)! Dessverre har vi ingen bilete frå
dette. Vi var altfor opptatt med oppdraget vårt, rett
og slett.
Men nokre bilete frå arbeidet elles har vi klart å
knipse undervegs:
| |
 |
|
| |
Her er vi i gong
med eit av oppdraga våre. Diskusjonen var ivrig
og intens. |
|
| |
 |
|
| |
Konsentrasjonen
var det heller ikkje noko å seie på. |
|
|
|
|
| |
Men litt moro
hadde vi tid til inne i mellom øktene ... |
|
 |
- og litt prating
... |
|
|
og litt knising...
|
- og fine smil
til fotografen |
Også her i Brattvågen var vi på bedriftsbesøk.
Her besøkte vi Brattvåg Skipsverft og Rolls Royce.
Det var veldig spennande å sjå kva dei lagar på
dei forskjellige bedriftene i nærmiljøet vårt.
Vi fekk og vite ein del om kva muligheiter vi har for å
få oss jobbar som ingeniørar.
|
|
Her gjør
vi oss klare til å gå runden på Aker
Brattvaag. |
Vi var innom
kontorlandskapa,
og fekk sjå og høyre om arbeidet der, |
|
|
og vi vart vist
rundt i produksjonslokala - |
før vi
fekk servert lunch, som smakte. |
Torsdagskvelden var vi på Mix i Brattvågen og spelte
biljard, og vi satt i restauranten på Brattvåg Hotell
og spelte kort, prata og høyrde på musikk. Det
var veldig hyggeleg, og vi begynte å bli ganske kjend
med kvarandre alle saman.
Siste dagen var det mykje prat om den neste delen av kurset
som skal gå i England i vinterferien. Heile 10 dagar får
vi, og vi håper at det blir like kjekt og lærerikt
som det vi har vore med på det denne veka!
Vi gleder oss i alle fall veldig.
Synnøve og gjengen frå
HVS
Les om Englandsturen
våren 2003
Tilbake
til hovudartikkelen
|
|