Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Klassemiljø
og studietid i fokus i 2A.
|
|
Allmennfagelevane i 2A er
mange og har eit stort klasserom. Det verka kaotisk, og
kanskje ikkje direkte triveleg, på alle som var
innom.
Elevane i 2A begynte å vurdere endringstiltak.
Dei tok saka opp med klassestyrar, haldt klassemøte
og diskuterte kva som kunne gjerast. |
Både innemiljø og dei pedagogiske rammene hadde
dei ønskje om å endre litt på.
Endringar blei det.
Klasserommet blei ”delt” i to soner; - individuelt
arbeid framme og gruppearbeid i bakre halvdel. Pultar og stolar
blei ordna deretter. Etter nokre samtaler med rektor blei det
kjøpt inn grøne planter, og så var det kaotiske
plutseleg omgjort til det trivelege med relativt enkle midlar.
Studietimar.
For å ta tak i læringsmiljøet og stimulere
til høgare innsats og auka ansvar for den enkelte i læringssituasjonen,
ville klassen gjerne innføre studietimar. I desse timane
skal kvar elev få arbeide med det faget dei sjølve
vel å prioritere. I dei faga som ”mista” undervisningstid,
skulle det setjast opp klare arbeidsplanar for avgrensa periodar,
som elevane forplikta seg til å følgje. Dette blei
tatt opp med klassestyrar, rektor og to andre involverte lærarar.
Det blei semje om å prøve ut ideen i 1. termin.
Elevane sette opp køyrereglar for timane i lag med klassestyrar,
og så var dei i gang. Etter jul vil opplegget bli vurdert
i fellesskap, og så får vi sjå kva klassen
i lag med lærarane vel å gjere i 2. termin.
Glimt frå studietimane:

Her er det flyfoto og stereobilete
som blir studert.
|

Stilige briller!
|

Elevane vel sjølve om dei
vil arbeide individuelt -
|

- eller i grupper på to eller fleire
|
Ofte blir mange
sittande på dei faste plassene sine
og arbeidar vidare med oppgåvene der
|
(Skulekvardagen i 2A) |
|
|