| |
Berbare PC-ar til elevar ved HVS.
16.12.02
Haram vidaregåande skule er med i PILOT, der pedagogisk
bruk av IKT har ein sentral plass i prosjektet. Målsettinga
for inneverande skuleår, var å la alle allmennfagklassene
få teste ut slikt utstyr, men dei økonomiske rammene
gav ikkje rom for det. Ved å la ei heil klasse prøve
ut utstyret, håper vi likevel å kunne hente mange
nyttige erfaringar, som kan gi lærdom i den vidare IKT-satsinga.
Elevane i klasse 1A (grunnkurs allmenne fag), fikk utdelt og
demonstrert dei berbare PC-ane 16.12.02. På skulen er
PC-ane knytt opp mot trålaust nettverk, heime når
dei Internett gjennom telefonsambandet.
Rektor Jøstein Taftø heldt ein offisiell tale
i samband med overleveringa. Forsamlinga følgde konsentrert
med.
Konsentrasjonen vart ikkje mindre når Sindre Vik ga
opplæring i bruk av det nye utstyret, samstundes som
elevane fikk prøve seg fram på sine PC-ar.
Elevane tok vel imot utstyret, og var raskt i full gang med
å justere oppsett og å teste utstyret i ulike
samanhenger.
I ein avgrensa periode framover nyåret vil 1A disponere
utstyret. Saman med lærargruppa som underviser i klassen,
har dei ei spennande tid framføre seg.
Les kva elevane skriv i klasseavisa si, Gullposten, ein månad
etter utdelinga:
Gullposten
(Skulekvardagen i 1A)
|
|