Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
SKIDAG
2003
Onsdag 12.februar arrangerte HVS igjen skidag for elevar
og lærarar. |
 |
Skidagar er sterkt etterspurt av nokon og uønska av andre.
Derfor køyrde vi kombinert skidag/studiedag i år.
Dei som meldte seg på til SKIDAG
på Strandafjellet, møtte opp med utstyr for kaldare
tilhøve enn i Brattvågen, og forsvann med bussane
gjennom tunnelane i Remmefjellet. Resten møtte opp til
studiedag med alternativ timeplan, der studieretningsfaga sto
i fokus.
Strandafjellet
3/4 av elevflokken vart med oss opp i vinterfjellet.
Himmelen var klar, bakken relativt hard (...) og ungdommane
friske og raske.
Det var nærast bare oss i bakkane denne dagen. Her var
det fritt fram for både brettkøyrarar, telemarkarar
og slalomkøyrarar. I løpet av natta hadde veret
slått om, og temperaturen kome seg under frysepunktet.
Resultatet var at det gikk unna på det skarpe føret.
Desse gutta storkoste seg, og var
eit friskt innslag der dei for nedover med sine gule
lokker og flagrande lilla hår. Dessverre har vi
ikkje fleire bilete av denne gjengen.
|
|
Heisann - skjult reklame !
|
Flott stil heilt ned til varmestova
|
For sjølv om ho ikkje hadde
servering, var varmestova ein triveleg plass for mange,
anten dei skulle fylle på med medbrakt energi
eller pleie såre musklar.
|
Og maten smakte godt ute -
|
og det ser det ut som om
|
den gjorde inne og.
|
Strålande fint. |
Kroppsøvingslærar
Stein Ravnestad er godt nøgd med dagen.
"Litt hardt", seier han.
Tru kva han meinte? |
|
 |
"Glimrande",
seier Oddleif Tolås. |
 |
Men tru om ikkje det er godt å kome heim igjen og.
Eller kva meiner Arvid Jenssen etter dagen? |
Vi takker for innsatsen til alle som deltok, og for bileta som
elevar og lærarar har kome med.
|
|
|