| |
Du er her: Elevkvardagen
- artikkelen er produsert av elevar i 1A (grk AF) i norskprosjektet
Avisa Gullposten.
Dei små grå
Dei fleste har vel sett elevane i 1a gå rundt
i gangane, og bere stolt på nokre merkelege svarte koffertar.
Og nokre lurer vel også på kva som gøymer
seg inni koffertane. Jo, det er nokre små, grå og
splitter nye berbare datamaskiner.
|
|
Då det var informasjonsmøte
om tilboda på Haram Vidaregåande Skule, vart
10. klassingane lova at dersom dei valde allmennfag på
HVS, skulle dei få disponere kvar si berbare datamaskin.
Dette var eit flott lokkemiddel, kanskje ein ekstra grunn
til å velje allmennfag ved HVS. |
Då skulen byrja i august same året, var klasse 1A
fulle av håp. Det var ingen berbare datamaskiner i sikte,
så dei byrja å spørje etter dei. Det førte
til at dei fekk beskjed om at det ikkje var innkjøpt
maskinar, og at det ikkje fanst midlar til å få
tak i dei i nærmaste framtid. Elevane følte seg
litt snytt for dette tilbodet dei hadde vorte lova. Og i løpet
av dei første vekene minka elevtalet i 1A drastisk. Heile
3 av 17 elevar slutta. Ein dag i oktober, fekk 1A ei glad melding.
Dei berbare datamaskinane skulle kome innan 3 veker, og ei veke
seinare skulle dei vere klare for bruk. Men då dei 4 vekene
var omme, hadde 1A enda ikkje fått maskinene. Det var
mykje som skulle ordnast, kontraktar skulle underskrivast og
avisene skulle tilkallast. Det var ein stor dag for 1A. Klassa
var samla, rektor ved skulen Jøstein Taftø var
der, it-ansvarleg Sindre Vik og inspektør 1, Jan Magne
Helland var óg til stades. Haramsnytt, Sunnmørsposten
og sjølvaste Gullposten hadde møtt opp for å
få med seg denne store hendinga. Maskinene vart delt
ut ei etter ei, Sindre Vik tok ein rask gjennomgang i korleis
maskinene skal nyttast, kva dei skal nyttast til, og sjølvklart
kva dei ikkje skal nyttast til.
Martin med ei
gamal maskin. |
Martin
med ei ny, flott berbar maskin. |
Elevane fortel oss at dei er hyppige
brukarar av desse maskinene,
-Dei er gode å ha til å skaffe seg informasjon om
noko dersom vi treng det i samband med det vi lærer om.
Og det er fint at dei er trådlause, for då treng
vi ikkje å halde på med desse leidningane heile
tida og vi kan flytte oss rundt på skulen. Lærarane
fortel oss at det er motiverande i seg sjølv
å ha ein eigen maskin, det er lettare for elevane å
halde orden i notatar, dei slepp å kladde når
dei har skriveoppgåver og det er kjekkare for elevane
når tinga deira er i orden. Men lærarane trur
at Internett som eit hjelpemiddel til læringa ikkje
er noko spesielt å satse på: -Det er som å
bli sleppt laus på eit stort bibliotek utan å
vite kva ein leitar etter, seier norsklæraren til 1A.
Det er delte meiningar i klassa om det er positivt, eller
negativt å ha kvar sin eigen pc. Nokre er svært
positivt innstilt, og meinar datamaskinene er nyttige i læringa.
Dei har rask tilgang til Internett, og er praktiske. Dei fleste
elevane har bytta ut skrivebøkene sine med Word dokument
på maskina si. Dette kan vere positivt, men det er jo
litt synd dersom skulen tek ifrå klassa maskinene. Då
er alle notatane litt bortkasta, ein kan jo framleis hente
dei fram på dei gamle maskinene. Men ein har ikkje same
tilgangen til dei. Ein kan jo ikkje ta med seg dei vanlege
datamaskinene heim, slik ein kan med dei berbare!
Det rår stor uvisse om kor lenge 1A får behalde
maskinene, så da gjenstår det å sjå
om elevane og lærarane greier å nytte maskinene
som eit godt hjelpemiddel til læringa.
Journalist i Gullposten
|
|