Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her : Artiklar


MOTIVASJONSKURS I ENGLAND 2002/2003

Andre del av Motivasjonskurs for ingeniørutdanning gikk i perioden 22.februar - 2. mars 2003. Medan medelevar og kollegaer framleis sov, vart kursdeltakarar og reiseleiarar plukka opp grytidleg laurdag morgon, og transportert ut til Vigra. Det alle hadde sett fram til i spenning, var nå verkeleg i gong.


Kursdeltakarar og reiseleiarane Magnhild Fjørtoft (Aker Brattvaag) og
Karsten Starheim (Ulstein vgs.) utanfor Smallpeice Trust sine lokaler.
Fotograf: Terje Pettersen (reiseleiar frå Haram vgs.)


Laurdag 22.02
var reisedag, utan anna program enn å innlosjere seg på Stratford Youth Hostel i Stratford. Nic Erskine tok i mot dei på Heathrow Airport, London, og presenterte dei der for bussjåføren deira denne veka og seinare sjølve bustaden. Her skulle kursdeltakarane halde hus heile veka.

Stratford Youth Hostel

Søndag 23.02
reiste heile reisefølgjet på fotballkamp på stadion til West Bromwich Albion FC. Kampen sto mellom heimelaget og West Ham United FC.Der West Ham vant 2 -1


Måndag 24.02
var kurset i gong for alvor. Etter frukost kl. 08:00 gikk det i "privatbuss" til Smallpeice Trust der Terry Sumner tok i mot elevane og heldt dei i arbeid fram til kl. 16:30. Tema for dagen var Time Management og Marketing.
Mesteparten av arbeidet var ulike oppdrag som skulle løysast, og gruppene arbeidde målretta og iherdige

Med eige kontor kom alvorskjensla fort.





Undervegs vart gruppene fulgt opp av forelesaren Terry Sumner.





I dei innlagte pausene var det rom for avslapping og småprat
i "salongen" hos Smallpeice Trust.




Tysdag 25.02
sto JAGUAR - BROWNS GALLERY på programmet, med Nic som følgjesmann. Det vart ein inspirerande dag, spesielt for dei med ein spe jaguardrøm i hjartet...




Denne dagen var det og høve til å rusle rundt i Coventry for å sjå seg om eller shoppe.


Onsdag 26.02
bar det tilbake til Smallpeice Trust og nye utfordringar.


I ettertid har vi fått skryt av kursdeltakarane.
Og når vi ser kva innsats dei til ei kvar tid har, må vi berre samtykke.



Torsdag 27.02
kom utfordringane frå Peugeot Partnership Centre. Her fekk dei både sjå og oppleve korleis produksjon artar seg. Vi har ikkje høve til å vise bilete frå sjølve fabrikklokala, men frå arbeidsøkta til elevane har vi bilete,

Oppdraget var å starte opp produksjon av bilar innan stramme økonomiskerammer.


Magnhild (reiseleiar) fekk i oppdrag å vere grossist i lag med Smallpeice Trust sin representant. Herfrå måtte gruppene kjøpe materiell til produksjonen sin.


Så måtte kvar gruppe føre eige rekneskap
og sjå korleis dei kom ut i høve eigen bilproduksjon.


Det var eit nitidig arbeid...


Og bilane måtte vere i topp stand når dei var ferdige -
elles fall utsalsprisen ...

Er det ein konkurrent som prøver å stjele markedsdelar?




Her er reiseleiarar og representanten frå Smallpeice Trust i samtale med vår kursansvarleg på Peugeot denne dagen.



Fredag 28.02

vart den mest kulturelle dagen med besøk i Warwick Castle og Warwick Town Centre & Museums.

Warwick Castle
Denne bogeskyttaren i Warwick var skremmande god!



Voksfigurar frå Kingmaker-avdelinga


Laurdag 01.03
starta vi opp tidleg med frukost, som vanleg, men i dag sto det "Free day -shoping & sight seeing in Stratford" i programmet. Så denne dagen vart kursdeltakarane noko meir spredd utover og nøt ein fridag etter ei hard, men triveleg veke.

Søndag 02.03
var det heimreise. Og vel heime, tid for ein skikkeleg god, norsk dusj!

Les om første del av kurset (Ulstein /Brattvåg)
Tilbake til hovudartikkel om Motivasjonskurset