Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Artikkel frå Haramsnytt 02.12.03
Journalist: Lise Cathrin Istad
Vellykka foredrag av Richard Lewis Det er
ikkje alltid så lett å gjere forretningar med utlendingar;
engelskmennene snakkar i kodar og italienarane kjem aldri til
poenget. Tysdag var næringslivsguruen Richard Lewis i
Brattvåg for å brife næringsfolk på
nettopp dette

Richard Lewis er ein internasjonal næringslivsguru
med glimt i auge.
|
Med glimt i augo heldt
engelskmannen Richard Lewis frå firmaet "Richard
Lewis Communications plc" foredrag for ein halvfull
sal på Haram vidaregåande skule tysdag.
Alle som ikkje var til stades, spesielt dei som gjer
forretningar med folk i utlandet, gjekk verkeleg glipp
av eit interessant og lærerikt foredrag.
Dette var ikkje eit av dei foredraga der ein strevar
med å halde augo opne. Mr. Lewis hadde publikum
i si hule hand kvart eit minutt og forlangte gong på
gong "feedback" (tilbakemelding) frå
Haramsfolket. |
Og det fekk han etterkvart, men vi nordmenn er ikkje av det
mest pratsame folkeslaget i verda, skal vi tru Lewis. Men ved
hjelp av mykje humor, fekk han publikum til å kome med
innspel under foredraget. Dei som var tilstade var mellom anna
tilsette ved Rolls-Royce Marine AS, Aker Brattvaag AS, Pyro
AS og Aakre Mekaniske Verksted. Det var Haram Næringslag
med støtte frå Roll-Royce Marine som arrangerte
møtet med næringslivsguruen. Kanskje
studere IBD
Tidlegare på dagen heldt Richard Lewis omtrent det same
vellykka foredraget for elevane ved Haram vidaregåande
skule om mellom anna kulturforståing og språk. Dette
blei gjort i samband med det nye studietilbodet som skulen fekk
i haust, IBD (International Business Development).
- Vi fekk mellom anna sjå korleis han delte ulike land
inn i forskjellige kolonner utifrå oppførselen
til innbyggjarane der. Det var svært interessant å
sjå kva som er typisk for dei ulike folkeslaga, seier
Sybell Agathe Flem Rogne (16) og Christoffer Haukås (16)
som går grunnkurs allmennfagleg ved Haram vidaregåande
skule. Over nyttår kan dei søkje om å få
studere IBD til hausten.
- Etter foredraget med Lewis vart vi meir nysgjerrige på
dette studiet, seier dei to.
Sybell Agathe Flem Rogne
og Christoffer Haukås ved Haram vidaregåande
skule kan søkje om å få studere IBD
frå og med neste haust om dei vil.
Etter foredraget med Richard Lewis har Christoffer bestemt
seg for å søkje, medan Sybell ikkje er heilt
sikker endå. |
|
Vi er ulike
Richard Lewis har spesialisert seg på interkulturell forretningsforståing.
Tysdag brifa han medlemmane i Haram Næringslag på
korleis ein kan lukkast internasjonalt. Med seg hadde han kompanjongen
Jacques Meon frå Frankrike. Dei to var i Ålesund
og Haram for aller første gong.
- Det er måten vi oppfører oss på som avgjer
kor vanskeleg eller enkelt det er å gjere forretningar
med oss. Vi er forskjellige både når det gjelder
korleis vi snakkar, måten vi snakkar på, kor ærlege
vi er, korleis vi lyttar og så vidare, sa den verdskjende
næringslivsguruen under foredraget. Korleis
oppføre seg?
Dei som snakkar mest i verda er italienarane, medan dei mest
ordknappe er finnane, i følgje Lewis.
- Italienarane er kanskje ikkje alltid til å stole på,
men dei er svært fleksible. Japanarane likar å halde
ord og tyskarane er svært presise, meinte Lewis. Å
vite korleis ein skal oppføre seg når ein gjer
forretningar med for eksempel engelskmenn er veldig viktig.
Og ikkje minst korleis ein skal tyde dei.
- Engelskmenn snakkar i kodar. Dei seier ein ting og meiner
det motsatte. Dette rett og slett for å vere høfleg.
Seier dei "hm..det var ein interessant idé",
meiner dei eigentleg "for eit dumt forslag". Eller
seier dei "Vi må ha eit møte om den ideen
din", så meiner dei "gløym det",
sa Lewis. Humoristiske nordmenn
Å kommunisere på tvers av kulturane er altså
ikkje alltid så lett. I eit forretningsmøte startar
nordmenn ofte med humor, men så er det viktig å
kome kjapt til poenget. Vi er ærlege, pratar lite, er
forsiktige og litt tøffe. Dei som er mest lik oss og
dermed lettast å gjere forretningar med, er finnane. Svenskane
blir sett på som ein smule trege, og dei meiner alltid
at dei sjølve veit best.
- Og for danskane er det viktige med hygge, hygge og endå
litt meir hygge i eit forretningsmøte, sa Lewis og fekk
publikum til å le endå litt meir. Pratar
mykje
Italienarane og spanjolane er kanskje dei som er mest forskjellige
frå oss.
- Italienarane snakkar så mykje at det ikkje alltid er
så lett å skjønne kva dei vil fram til. Det
er også viktig å halde augekontakt med dei, elles
blir du sett på som uhøfleg og ikkje til å
stole på. I Japan meiner dei det motsatte. Spanjolane
er på ein måte lik italienarane, men dei er mykje
meir følsame og lett å fornærme. Ein italienar
derimot klarer ein ikkje å fornærme, sa Lewis. Og
husk på; snakkar du med ein amerikanar er det viktig å
vere kjapp. Tid er pengar!
 |
Den store internasjonale næringslivsguruen,
Richard Lewis frå England, sjarmerte publikum då
han heldt foredrag tysdag på Haram vidaregåande
skule.
Som takk fekk han bøker og vin av leiar i Haram
Næringslag, Jan Petter Hagen. |
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Les meir
om IBD
|
|
|