| |
Seniordata, anno juni 2003
03.06 og 10.06 2003
"Seniordata"
starta opp 21. august 2000. Samarbeidet med HVS starta med at
”seniordata”, med sine ca 20 medlemmar fekk ein
presentasjon av samarbeids-læring og Storyline, og fekk
innsikt i korleis elev lærar av elev. Dei ville gjerne
få til noko tilsvarande, der dei fekk opplæring
i bildebehandling og PowerPoint på ein praktisk måte
og organisert i små grupper. Elevar frå skulen skulle
stå for opplæringa.
Seniorane fekk denne opplæringa, og dei henta tema og
bildemateriale frå lokalhistoria. Denne historia er på
mange måtar unik, og dei skal ause tilbake til elevane
av denne, inn i skuledagen i ulike fag. Gjennom presentasjonane
vil dei gje sine sjølvopplevde historier liv.
| |
Elevar frå VKI Allmennfag som har stått
for opplæringa |
|
| |
Johan Mork og Elias Hildremyr
|
|
Kåre Sønderland og Helge Bjørnevik
|
I juni 2003 har Seniordata hatt to økter i auditoret
vårt, knytt opp mot faga geografi og historie Publikum
vart først og fremst elevar i klassen VKI AF, men fleire
klassar frå yrkesfaglege studieretningar meldte si interesse
og fikk vere med.
| |
Frå ein presentasjon i auditoriet |
|
Vi trur at dette og vil vere med på å gi identitet
til dei unge, i eit lokalt industrisamfunn som blir hevda
å vere kulturfattig. Dette er kunnskap som langt på
veg ville vere borte med denne generasjonen, men som vi her
gjennom eit digitalt medium kan vere med å ta vare på.
| |
Torbjørn Remme
|
Kåre Sønderland |
|
| |

Styret for seniordata - frå venstre Karl
Inge Hurlen, Olaf Rogne, Oddmund Tennøy, Sigurd
Johansen (Leiar Ivar Fjørtoft bak
kameraet)
|
|
Dette arbeidet har spreidd seg som eld i tørt gras.
Seniorane rekrutterer stadig fleire til sitt prosjekt, dei
tek seg no av opplæringa av nye sjølve. Dei har
og funne alternative måtar å spreie resultata
på (heimeside) som alternativ til PowerPoint. Dette
fordi dei har mykje tekst som dei ønskjer å publisere
i samband med bildemateriale. Vi har forventningar til at
det materialet som dei etterkvart legg fram, er av høg
kvalitet.
Seniordata
Hovudsida
|
|