Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Biblioteket

Oppdatert 01.07.10..

SKULEBIBLIOTEKET



Nyttige linkar:
 
Bok og samfunn Haram folkebibliotek Illustrert vitenskap
Diktbasen Bokbåten EPOS Bokhylla.no
Aviser Kart & Atlas Studenttorget


Opningstider kl. 08:00 - 16:30.
Biblioteket er ope for elevar som ønskjer å arbeide med skulearbeid utover vanleg undervisningstid, måndag til fredag kl. 08:00 - 16:30, alle skuledagar.

Bruk bibliotekaren!
Biblioteket vil kunne gi deg som elev mykje hjelp gjennom skuleåret, så det håper vi du nyttar ut best mogleg.

Bibliotekar Helene Austbø vil vere tilstades på biblioteket til fastsette tider gjennom skuleveka. Opningstidene finn du ved inngangsdøra til biblioteket.
Vi held fram med ordninga der biblioteket er betjent fram til kl. 15:30 kvar dag - dvs. at du kan ta kontakt med bibliotekar også etter at siste skuletime er avslutta.

Bibliotekaren vil vere tilgjengelege dersom du treng hjelp til val av litteratur, lån eller anna. Kontaktlæraren og/eller norsklæraren din vil og kunne hjelpe deg.
Det er fullt mogleg å hjelpe seg sjølv og, hugs då at du må registrere lånet ditt!
Bruk lånekortet ditt (tildelast alle i løpet av fyrste skulemånaden) og registrer lånet elektronisk ved skranken. Har du problem med dette, nyttar du ev. registrerings-korta i boksen same stad.

Velkomen til aktiv bruk av biblioteket!

Skikk og bruk på biblioteket
Skal biblioteket fungere, er det viktig at du som brukar held orden og set bøker og tidsskrift tilbake på rett plass.

Vis elles omsyn og sørg for at desse reglane blir følgde:
- Romreglar, biblioteket
- Utlånsreglar

Kva finn du på biblioteket?
- Bøker/tidsskrift/klassesett
- Utstyr elles

Lesetips!
- Kva les folk elles i landet?
-
Bestselgerlister

Nye bøker
Biblioteket tilbyr også lydbøker!
Spør på biblioteket om du vil låne ei.

Stadig inn nye bøker
kjem inn på biblioteket - bøker vi håper du vil like.

Prøv t.d. noko av Harald Rosenløw Eeg:

Eller la deg friste av det du finn i vindu,
i utstillingar eller hyller. God bok!

Prosjekthjelp?

Internettbruk i skulen -Etikk og jus
"Denne webtjenesta skal vere ei hjelp for skulen og lærarane i arbeidet med å ta i bruk Internett i lærings-arbeidet. Vi vil prøve å gi nokre råd og vink som kan gjere lærarar og elevar tryggare når dei brukar Internett i skulen".

Lurer du på noko i høve bruk av internett som kjelde eller som presentasjonsmedium, kan denne sida vere særs nyttig å kike innom.


Inn i jungelen
- på desse sidene finn du hjelp til korleis du lettast kan finne, vurdere, organisere og presentere informasjonen i høve skolearbeidet ditt.
(Kjelde: Skolenettet.no)

© Inger Cathrine Spangen 2001. Til html ved Jon Anjer 27.06.01





-------------


Velkomen til Bokhylla.no !

Publisert 01.07.10.


Bokhylla.no er ei teneste frå NBdigital og ho er full av norske litterære godbitar! Målet med nettstaden er å vise fram eit tverrsnitt av den norske litteraturen, og difor arbeidar dei no med å gjere alle bøker utgitt i Noreg på 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet tilgjengelige i fulltekst på Internett.

Då er det berre ein ting å seie: - Les i veg!


 
" Hvor hender det? "

Publisert 21.11.08.


Foto: FN

- Har kvinnelege soldatar ein annan
tilnærming til bruk av våpen enn
mannlege?

Les meir ...
Narkotikaens globale åk ...
Krim og krig
- et tospann?

Les meir ...

Nettstaden "Hvor hender det?" består av ei rekkje tilbod til elevar, lærarar, studentar og folk som er interesserte i internasjonale spørsmål. Over ser du døme på to spørsmål som blir belyst på denne nettstaden.

- Bruk sida flittig, og hald deg informert! Det er den samstemde meldinga frå lærarar i ulike fag.


Bibliotekaren melder:

Nasjonalt lånekort - positivt for alle brukarar av bibliotek

Publisert 04.09.08.

Du kan nå bruke eitt felles lånekort ved mange bibliotek i Noreg - eit nasjonalt lånekort. Dette kortet gjelder også ved Haram vgs.

For å kunne låne noko på biblioteket vårt, må du som du forstår, ha eit lånekort. Våren 2008 vart ordninga med eit felles nasjonalt lånekort innført, også på Haram vidaregåande skule.
Dette er eit lånekort du kan bruke på bibliotek over heile landet, ikkje berre på HVS. Du får det gratis på skulen.
Bibliotekaren vil ta kontakt med alle klassane ved skulen, slik at du og medelevane dine får både lånekort og opplæring.
Minner elles om at normal lånetida er fire veker. For lånte skulebøker, gjeld andre rutiner. Dette får du og vite med bibliotekaren.

Smakebitar på kjende og ukjende bøker 

Publisert 04.03.08.

Fylkesbiblioteket har i samarbeid med Kulturnett Møre og Romsdal laga ei nettutstilling frå arrangementet Bokgilde 2007 i Ålesund 6. februar. Her har dei m.a. plukka ut smakebitar blant bøkene, presentert med sitat frå omtalane.

Nettutstillinga, eller presentasjonen, kan de sjå her: Bokgilde 2007

   
Oppslagsverk på nett - tilgjengeleg for deg som elev ved HVS
April 2006

Prøv desse oppslagsverka!
Slå opp kva ord du vil
- på kva språk du vil -
Dei er til ein kvar tid oppdaterte, og tilbyr i tillegg både mykje god kunnskap og flotte bilete. Bruk dei aktivt!

Du logger deg lettast inn på desse, og fleire andre nettstadar som Møre og Romsdal fylke betaler for, via ungweb.no.
Hugs brukarnamn og passord, som du har fått på skulen.


Besøk på bokbåten Epos - tilrådd!
21.09.07.
Bokbåten er Vestlandet sit flytande bibliotek, som dekker kysten frå Hordaland i sør til og med Møre og Romsdal i nord. To gongar i året får kystbarna høve til å besøke Epos. Vi har vore om bord for å sjå kva bokbåten hadde å tilby i år.

Les meir ...

Sjå ein filmsnutt med glimt frå Bokbåten sin reise gjennom Sogn og Fjordane!

Prosjekt knytt til bøker/leselyst:

LESELYST - tid for konkurranse ved HVS!
15.01. - 30.03.07
Haram vidaregåande skule arrangerte lesekonkurranse for elevane i 1ST våren 2007. Konkurransen starta 15. januar og varte fram til påske, og den eleven, samt den basisgruppa som las mest, vart premiert. Elevane las romanar på norsk eller engelsk, og fikk poeng etter tal på sider, samt tilleggspoeng for engelske bøker. Og elevane las - eit populært tiltak!
Men, det skal seiast, det var ikkje lett å vere gjennomsnittleg lesar, når det fanst to ihuga lesehestar i klassen frå før ... Kanskje nokon burde stille med "handicap" ?


Konkurransetid igjen!
Gjennomført både sommaren 2006 og 2007 - følg med, kanskje kan du delta neste skuleår!
Haram Folkebibliotek meldte i 2006;
Velkomen til individuell og inter-kommunal lesekonkurranse i perioden 10. juni til 20. august.
Ein lesekonkurranse for barn og unge mellom 6 og 19 år, som bur i Haram, Hareid og Stordal.
Les meir om konkurransen, og hiv deg med ...

Påskelabyrinten 2006
Velkomen til litterær påskelabyrint og skattejakt med fylkesbiblioteket!
- Vi prøver oss med ei ny lita vandring i kriminallitteraturen, ein kombinasjon av små påskenøtter og lesetips til påskekrim, melder fylkesbiblioteket. Ikkje alle skal ut på tur, men du kan da reise både "hit og dit" via denne labyrinten.
Finn fram påskemarsipanen, godkroken og bli med oss på tur!

Bøker for alle?
 
Påska 2006
Tidlegare i vinter vart ei norskgruppe utfordra til å reflektere over lesevaner, eller mangel på slikt, hos ungdom. Nokon tok utfordringa og då dukka denne stilen opp i bunken.
Les den, ta utfordringa, og finn deg ei bok - det er nemleg mykje å gå glipp av mellom permane i bokhylla!
Ungdom, og deres ikke eksisterende interesse for bøker og sånt...


Markering av IBSEN-året 2006

Henrik Ibsen, 1878.
Kjelde: ibsen.net/IBSEN 2006
I 2006 er det hundre år siden Henrik Ibsen døde. Over heile landet vert det arrangert ulike Ibsen-markeringar.

Kan hende er det no du skal ta for deg eit verk av Henrik Ibsen - eller fleir, for den saks skuld? Kik i bokhylla, heime eller på biblioteket, og les litt av det Ibsen har skrive.

Vil du vite meir om Henrik Ibsen?
Besøk www.Ibsen.net - Ibsen-året sine offisielle nettsider, og den største nettstaden om Henrik Ibsen på verdsveven.


Kunnskapsløftet - bibliotekutvikling 2005/2006
- Kurs for skulebibliotekarar og lærarar i Møre og Romsdal
Kurshaldarar :
Niels Damgaard og Maren Brit Baadshaug
Samlingar :
1. samling 04.10.05. Stad: Spjelkavik vgs.
2. samling 29.11.05. Stad: Romsdal vgs.
3. samling 31.01.06. Stad: Fylkesbiblioteket, Ålesund.
4. samling 15.03.06. Stad: Fræna vgs.
5. samling 04.-05.05.06. Stad: Kristiansund vgs.

Haram vidaregåande skule deltar på dette kurset som eit ledd i arbeidet med å gjere skulebiblioteket betre tilpassa skulekvardagen vår.


Folk og samfunn i norrøn tid

- eit tverrfagleg undervisningsopplegg i faga norsk og geografi
Skuleåret 2005/2006.


- Ein bit av norsk historie -
Elevane på VKI AF gjennomførte den første storylinen ved skulen dette skuleåret. Og no var det kjeldene som fikk høg fokus. Men kjelder er og litteratur, og vel verd å lese!

Målet for arbeidet var å gjere elevane betre kjent med viktige personar og maktsenter i norrøn tid. Elevane fikk prøve ut vitskapeleg og kreativ bruk av kjelder i arbeidet, og arbeide med dramatisering av det utvalde stoffet sitt fram mot framførføringa i auditoriet.

Les meir om prosjektet ...



Markering - 100 år sidan Unionsoppløysinga!
I 2005 er det hundre år sidan ei fredeleg oppløysing av unionen mellom Noreg og Sverige var eit faktum. Den 7. juni 1905 vedtok Stortinget å løyse Noreg frå unionen med Sverige. Folkeavstemminga blei gjennomført 13.august 1905, med stor seier til den norske regjering. Vil du vite mer, bør du besøke:

Nasjonalbiblioteket sine temasider om unionsoppløsninga!
1905 Noreg, Sverige & unionen
"Formålet med 1905-nettstedet, ’1905. Norge, Sverige & unionen’, er å gi en fremstilling av begivenhetene i 1905 for et bredt publikum, gjennom nyskrevne tekster og et stort kommentert kildemateriale. Et hovedmål har vært å beholde et likevektig svensk-norsk perspektiv så langt som mulig. Målgruppene for nettstedet er skoleelever, lærere, studenter, forskere og en allment interessert offentlighet." (Sitat frå nettsida).

eller kikk innom:
Unionsoppløsningen 1905 (Riksarkivet)
1905 Hundreårsmarkeringen for unionsoppløsningen (Deichmanske bibliotek, Oslo)

IKA Møre og Romsdal sine temasider er og verd eit besøk!

Christian Michelsen
Foto:Nasjonalbibl.

1905 i Møre og Romsdal
"IKA Møre og Romsdal hadde eit ønskje om å vere med på å markere hundreårsjubileet for unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 1905. Ein søkte difor Møre og Romsdal fylke om midlar til å utarbeide ei nettutstilling. (...)

Føremålet med nettutstillinga er å gje både lek og lærd eit innblikk i storhendingane som gjekk føre seg i 1905, og då primært på eit lokalt plan. Ein har difor konsentrert nettutstillinga om Møre og Romsdal, eller Romsdal amt som det då heitte, og lagt mindre vekt på å presentere dei storpolitiske hendingane på riksnivå. (...)

Velkomne til utstillinga!
Me håpar de vil finne 1905-utstillinga interessant og vil gjere dykk nytte av denne.

Med helsing
Arnt Ola Fidjestøl, Dagleg leiar IKA Møre og Romsdal
Mads Langnes, Prosjektansvarleg for 1905-utstillinga
Liv Randi Foss, Kulturnett Møre og Romsdal - utforming av utstillinga "
(Sitat frå heimesida til IKA Møre og Romsdal)

Ørskog kyrkje
1905


Bokmesse - for ungdom
Korleis skape meir leselyst hjå unge ?
Skuleåret 2003/2004

Utgangspunktet var det uunngåelege særemnet i norsk. Krevjande sak, ja, men veldig artig! I alle fall når litteraturen vart servert på denne måten.

Onsdag 19.11 arrangerte elevane i 3A (VKII - AF) bokmesse i auditoriet i høve avsluttinga av arbeidet sitt i norsk, nemleg særemnet. Elevane har gjennomført eit noko annaleis opplegg i norsk denne hausten, med bruk av ulike arbeidsmetodar, som t.d. storyline, og presentasjonsformer i si litterære fordjuping. Det har skapt innleving, og resultert i to inspirerande og informative bokformidlingar i auditoriet.


Les meir om prosjektet ...
Bilete frå Bokmessa -03/04

Blant dei mange forfattarane som vart presenterte, fann vi og Erlend Lo
og Anne Karin Elstad.


Foreningen !les
- skal få flere folk i Norge til å lese flere bøker. !les skal fremme leselyst og leseglede i hele samfunnet.

Målsetting for 2005:
- Hovedmålet for Foreningen !les er at flere folk i Norge skal lese flere bøker. Metoden for å nå dette målet er å stimulere til leselyst og leseglede. !les jobber spesielt med ungdom, og har som særlig siktemål å øke lesegleden i denne gruppa. (...)

I 2005 vil hovedtyngden av !les sine aktiviteter være samla under fellesbetegnelsen nasjonalt Leseår 2005. Under leseåret vil !les sette i gang en rekke aktiviteter, aleine og i samarbeid med andre, som vi vil videreføre også utover 2005.
Les meir ...



Artiklar knytt til bibliotekverksemda:

"Biblioteket er kult"
Smp., 25.01.05
- Lenge har man fryktet barnas forsvinnende leselyst. Men nå er tendensen atter stigende. Nye tall viser at unge i Møre og Romsdal leser mer enn før, skriver Sunnmørsposten tirsdag, 25.januar 2005.
Les artikkelen

Rekordstor auke i utlån i 2004
21.01.05

Foto: Haram folkebibliotek
- Utlånet av bøker, musikk og film i Haram folkebibliotek auka dramatisk i 2004, med 15,58 %, skriv David Beadle på heimesida til Haram folkebibliotek.
- Haram var det 8. mest brukt bibliotek pr. innbuar av fylket sine 38 folkebibliotek, og uoffisielle tal viser at Haram er blant dei 4 mest brukte i forhold til budsjettet.

Oppgradert bibliotek ved HVS.
01.07.04

Foto: David Beadle

Ved starten av skuleåret 2003/2004 gikk skulen inn eit samarbeid med Haram Folkebibliotek, ved David Beadle. Det vart investert i biblioteksystemet Micromarc, samstundes som ei arbeidsgruppe starta planlegginga av ei ny utforming av biblioteket ved skulen.
Les meir ...


Hovudsida