Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Biblioteket > Biblioteket informerer

Biblioteket informerer


1. Bruk av bibliotek

Skal biblioteket fungere, er det viktig at du som brukar held orden og set bøker og tidsskrift tilbake på rett plass.

Vis elles omsyn og sørg for at desse reglane blir følgde:
1.
Biblioteket er eit ARBEIDSROM.
Respekter dei som sitt med individuelt arbeid og forstyrr ikkje med unødig prat, sjølv ved gruppearbeid. Prøv og å gi plass for andre, slik at alle får høve til å arbeide skikkeleg med skulearbeidet sitt.

2.
Det er ikkje lov å ta med mat eller drikke inn på biblioteket sine rom.
Ta deg heller ei ordentleg pause og gå ein tur ned i kantina!

3.
Biblioteket har faste opningstider for utlån av bøker. Lån av bøker skjer ved hjelp av bibliotekaren (ev. faglærar) etter dei oppsette retningslinene.

4.
Lever lånte bøker så fort du er ferdige med dei.
Ofte kan fleire elevar vere interesserte i same boka, til stilskriving t.d. Uansett, ver venleg å respektere lånetida på 4 veker.

5.
Innleverte bøker skal leggjast på tilvist plass på biblioteket (sjå utlånsreglane).




2. Utlånsreglar
·
Bøker kan lånast i 4 veker.
Dersom du vil låne boka lenger, må du snakke med bibliotekaren.

·
Lånt materiale som blir borte eller øydelagt må erstattast.
Lånaren er ansvarleg for alt som vert lånt på hans/hennar kort.

·
Berre til bruk på biblioteket.
Fleire bøker/tidskrifter er berre til bruk i biblioteket.Vil du ta slike bøker med på klasseromma, må du først avtale dette med bibliotekaren. Dette gjeld:
- Leksika og andre bøker som er merka ikkje til heimlån.
- Klassesetta (ikkje til utlån).
- Tidsskrift (ikkje til heimlån).

·
Utlån skjer ved hjelp av strekkoder.
Du kan bruke lånekortet frå folkebiblioteket. Dersom du ikkje har lånekort kan du få eit ved å ta kontakt med bibliotekaren.

·
Når biblioteket er bemanna (skuledagar mellom kl. 10:00 - 13:00) får du hjelp av bibliotekar når du skal låne bøker. Når bibliotekaren ikkje er til stades kan du fylle ut ein oransje lapp og legge den i boksa som står på skranken. Hugs å fylle inn strekkoden på boka. Det er 8 siffer og står lengst bak i boka.

·
Det er og høve til å låne bøker frå andre bibliotek via skulebiblioteket. Ta kontakt med bibliotekar dersom dette er aktuelt. Eigarbiblioteket fastset då lånetida.

·
Innlevering.
Når du skal levere inn bøker kan du levere dei til bibliotekar, kontaktlærar eller legge dei i ei blå boks for innleverte bøker på skulebiblioteket.



3. Ordning av bøker/tidsskrift på biblioteket

- SKJØNNLITTERATUR
Romanar, skodespel, noveller og dikt er ordna alfabetisk etter namn på forfattar. (Villmarksoteren av Mikkjel Fønhus finn de i hylle på F).

- FAGBØKER
er oppstilte etter eit nummer-system (som i folkebiblioteket). Kvart emne har sitt bestemte tal (psykologi 150, politikk 320 osb.). Tala står på bokryggen, og bøkene er oppstilte under dei ulike numra frå 001 til 999.

- TIDSSKRIFT
vil ein i hovudsak finne i tidsskriftsavdelinga på skulebiblioteket. Skulen abonnerer på svært mange tidsskrift, fleire enn dei du finn i vegghyllene. Kik deg omkring i bokhyllene eller spør bibliotekar eller faglærar dersom du leitar etter eit spesielt tidsskrift.
- Tidsskrifter du vil finne på biblioteket (Word-dokument)

- AVISER
Skulen abonnerer både på lokalaviser og nokre riksaviser. Etter ønskje frå elevrådet er lokalavisene tilgjengelege nede i kantina. Andre aviser finn du i vegghyllene i tidsskriftsavdelinga på biblioteket.

- KLASSESETT
Skulen har fleire klassesett, retta mot ulike fag. Desse setta er plasserte på elevbiblioteket, men bøkene er ikkje til utlån. Det er berre faglærarane som har høve til å ta bøker frå klassesetta. Faglærarane må då registrere utlån av slike bøker på eige skjema.
- Klassesett ved HVS (Word-dokument)




4. Utstyr elles

-
Biblioteket har 1 søkje-PC for boksøk i bibliotekbasen og 3 arbeids-PC´ar, plasserte på gruppebord, som kan nyttast til skulearbeid.
Søkje-PC-en finn du ved inngangsdøra til biblioteket.
-
Skrivar (tilgang frå alle PC-ar ved skulen)
-
Scanner (knytt til søkje-PC)

I tillegg disponerer bibliotek-ansvarleg 1 PC til registrering av utlån. Denne er ikkje tilgjengeleg for elevar.


Velkomen til biblioteket!




Tilbake til:
Biblioteket
Hovudside