Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her >> Godt å vite - Gruppeorganisering



GRUPPEORGANISERING



Oppdatert 27.06.11.


Ei tidlegare endring i Opplæringslova tilseier at elevane no skal delast i grupper, ikkje klasser. Ved HVS nyttar vi framleis klasseomgrepet, men har ofte 1-3 basisgrupper med kvar sin kontaktlærar innad i ein klasse, avhengig av elevtalet i klassen.

Målet med endringane
er å styrke undervisninga, og å leggje betre til rette for tilpassa opplæring av kvar elev, og ivareta elevane sitt behov for sosialt tilhør.

Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.
Kontaktlæraren skal ha eit særleg ansvar for å følgje med i eleven si utvikling og resultatoppnåing, koordinere det fagleg/pedagogiske samarbeidet med andre lærarar, og samarbeide med rådgjevar om den psykososiale rådgjevinga.

Gruppestorleiken (elevar pr. kontaktlærar)
skal tilpassast målet med denne organiseringa, med høve til fleksibilitet, og normalt vere avgrensa til 5-8 elevar pr. gruppe/kontaktlærar, unntaksvis kan gruppa ha 10-15 elevar. Faglege, pedagogiske og praktiske grunnar avgjer dette.

Kontaktmøte (kontaktlærar + basisgruppe)
Det er lagt inn eit basismøte (= kontaktmøte) per veke. Normalt er dette lagt til 5.time måndag for alle klasser. Unnataket er i klasser/basisgrupper med utplassering på måndagar - desse basisgruppene har fått tildelt eit anna tidspunkt i sin timeplan.

Vi gjer merksam på at basismøtet er obligatorisk for alle elevar. Det er lagt inn i timeplanen til klassen, og kontaktlærar vil føre fråvær på linje med anna fråvære.


OVERSYN (elevgrupper og kontaktlærarar) 2011/2012

Gruppetildelinga er ikkje gjort pr. d.d. ...
Trinn/
stud.retn.
Kontaktlærarar
Vg1 ST
 
Vg2 ST
 
Vg3 ST
 
Vg3 PB Påbygg.
 
Vg1 HS
 
Vg2 BUA
 
Vg2 HEA
 
Vg1 TIP
 
Vg2 PIT
 
Vg1 EL
 
Vg2 EL
 
Vg1 TAF-TIP
 
Vg1 TAF-EL
 
Vg2 TAF-TIP/EL
 
Vg3 TAF-TIP/EL
 
Vg4 TAF-TIP/EL  



Tilbake til "Godt å vite"