Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her>>
Godt å vite - informasjon
Oppdatert 21.08.06.
INFORMASJON OG INFORMASJONSGANG
Behovet for å få og gi informasjon er stort. Straumen
av rundskriv, meldingar o.l. kan til tider vere noko stor. Aktiviteten
på ein skule er regulert av lover, reglar, føresegner
og avtaleverk. For å vere trygg på at alt går
rett og riktig for seg, at elevar og tilsette veit om sine rettar
og plikter, og at skuledrifta går best mogleg, er det
seg ikkje til å kome unna at informasjonsmengda blir stor.
Informasjonen blir gitt skriftleg og munnleg. Den skriftlege
informasjonen har vi prøvd å samle i høvelege
hefte.
SKRIFTLEG INFORMASJON som gjeld alle, blir gitt ved:
|
- |
Informasjonsavis
til elevane (gitt ut ved skulestart) |
|
- |
"Godt å vite"
, informasjonsperm til tilsette |
|
- |
Oppslag (Inngangsparti/fellesareal/personalrom) |
|
|
* Raske innkallingar og
informasjon som skal ut til heile skulen, vert hengt opp
på glassdørene i fellesarealet, slik at alle
får tilgang på denne informasjonen. |
|
|
* Rådgjevar og helsesyster
heng opp generell informasjon om eigen verksemd, låne/stipend,
vidare studier etc. på oppslagstavla rett utanfor
rådgjevarkontoret. |
|
|
* Elevar finn elles plakater
om diverse aktivitetar på skulen eller i nærmiljøet
på oppslagstavlene ved hovudinngangane. |
MUNNLEG INFORMASJON blir gitt på;
- |
Informasjonsmøte
for lærarar
Måndagar, kl 11:10 (i matfriminuttet). |
- |
Personalmøte
Måndagar og onsdagar, kl 14:40-15:30, ved saker
som krev noko meir informasjon, og der det er behov for
meiningsutveksling. Desse møta vil bli varsla anten
munnleg eller ved oppslag.
Utover dette er 9. time på mån./ons. i utgangspunktet
sett av til avdelings-/
fagseksjonsmøte eller planleggingsøkter
for lærarane. |
- |
Avdelingsmøte
Felles møte for avdelingar er det som oftast avdelingsleiarane
som står for. Her blir det gitt informasjon som
er av felles interesse, både frå avdelingsleiarane
og frå medlemmane av avdelingane/fagseksjonane.
Desse møta er lagt til måndag kl 14:35-15:30,
ev. anna tidspunkt når det er heilt nødvendig.
|
- |
Fagseksjonsmøte (arbeidsmøte)
Desse møta er lagt til felles fritimar for seksjonsmedlemmane.
Her er det samarbeid om større faglege opplegg
og pedagogisk utviklingsarbeid som ersett i fokus. Kvar
seksjon er ansvarleg for å planlegge å sørge
for progresjon i dette arbeidet. Seksjonane skal rapportere
til avdelingsleiar om arbeidet sitt. |
Målet er å gi ut nok informasjon, god informasjon
og stødig informasjon, men likevel har alle tilsette
eit eige ansvar for sjølve å søkje og motta
informasjon.
INTERNETT
Internett er og ei viktig informasjonskjelde. Det gjeld m.a.
lover, føresegner, læreplanar, rettleiingar, faglege
og pedagogiske opplegg etc., samt informasjon om vidaregåande
opplæringstilbod generelt og studier elles.
Heimesida til skulen inneheld mange linkar til nyttige informasjonskanalar
om skuleverket m.m. for elevar, føresette og tilsette.
Tilbake til "Godt
å vite"
|
|
|