Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Diverse informasjon > Ny reform hausten 2006

Kunnskapsløftet 2006
Juli 2006
Kunnskapsløftet er den nye reforma i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa. Reforma fører til ei rekkje endringar i innhald, struktur og i organiseringa til skulen frå det første trinnet i grunnskulen til det siste trinnet i den vidaregåande opplæringa.

Med reforma følgjer det og nye nemningar på de ulike utdanningsløpa i den vidaregåande skolen. Det som i dag vert kalla for studieretningar, får namnet utdanningsprogram, og de ulike utdanningsprogramma får i ulik grad endra innhald.

Meir om dette finn du på heimesida Kunnskapsløftet 2006


Kven gjeld reforma for?
Alle elevar i grunnskulen skal frå hausten 2006 følgje den nye strukturen i opplæringa..
Elevar som startar på det første året i vidaregåande skule (vg1) hausten 2006, vil og følgje den nye strukturen. Elevar som skal gå VKI og VKII vil halde fram etter ”gamal” ordning med retningslinjer gitt i Reform '94.


Læreplanar
Som ein følgje av den nye reforma har alle fag i vidaregåande opplæring fått endringar i mål og innhald.
Dei nye læreplanane er tilgjengelege på nettsidene til Utdanningsdirektoratet:
www.utdanningsdirektoratet.no/lk06

(Illustrasjonane er henta frå heimesida til Kunnskapsløftet).

Prinsipp for opplæringa
"Prinsipp for opplæringa" samanfattar og utdjupar avgjerd i opplæringslova, forskrift til lova, herunder og læreplanverket for opplæringa. Denne må ein sjå i lys av det samla regelverket.

Les "Prinsipp for opplæringa"...


Hovudsida